Tek naturen i bruk

Sauda vidaregåande skule håpar å lokka til seg fleire elevar med den nye villmarkslinja.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart først publisert i Ryfylke

– Det blir oppstart av den nye linja hausten 2015. Me har ambisjonar om å laga eit heilt spesielt tilbod der elvane får generell studiekompetanse samstundes som dei får dyrka interessa si for villmarksliv, reklamerer Bård B. Lien, avdelingsleiar ved Sauda vidaregåande skule.

LES OGSÅ: – Eg hadde 200 hjarteslag i minuttet

Knytta til idrettslinja
Det nye tilbodet vil bli knytta til den eksisterande idrettslinja på skulen, som alt husar ei eiga ski- og snowboardlinje. Lien fortel at undervisningsfag som friluftsliv, aktivitetslære og leiing vil bli retta inn mot villmarksliv-linja. Målet er at den nye linja skal bidra med 15 nye elevar på kvart årstrinn. Tanken er å bygga kompetanse om å ferdast i naturen frå botn av og utvikla denne gjennom dei ulike klassetrinna slik at elevane etter endt skulegang skal ha eit visst kompentansenivå når det gjeld villmarksliv.

– Då me starta planlegginga av det nye tilbodet såg me på kva føresetnader Sauda vidaregåande skule og Sauda hadde. Me fann raskt ut at villmarksliv var noko me kunne tenka oss, då Sauda har mykje flott natur og skulen alt har ein del kompetanse innan dette fagfeltet gjennom valfaget friluftsliv, forklarer Odd Magne Lønseth. Saman med Bård B. Lien, Arnhild Marie Hauge Aarhus og dei eksterne samarbeidspartnarane Statkraft, Sauda kommune, Sauda Skisenter og Sauda Idrettslag, har han vore sentral i utviklinga av den nye studieretninga.

LES OGSÅ: Nordisk kosthald er bra for helsa

Brevandring og hundekøyring
Blant dei mange spennande opplevingane elevane som velger villmarksliv kan venta seg, nemner Lønseth mellom anna ekspedisjonar, brevandring, hundekøyring og turar til fjelltoppar både lokalt og nasjonalt. Villmarkslinja vil bli den einaste av sitt slag i Rogaland.

LES OGSÅ: Å finne den rette i studietida