Kan forsking gi svar på kven som er hipster?

Eirik Billingsø Elvevold, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg for Framtida.no
Eirik Billingsø Elvevold, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg for Framtida.no
Faktaboks

«Hipster» har blitt definert som fleire ulike ting. Før som ein kul, svart fyr, seinare som nokon som prøver å likna på ein kul, svart fyr.

I dag blir omgrepet ofte kasta på dei som prøver hardt å kle seg originalt og kult, men som endar med å følga flokken.

Ingrid Tolstad har forska på hipsterane i Williamsburg, New York. Ho seier at hipster-omgrepet ofte blir brukt om ein person som er oppteken av å vera kul.

Hipster-karikaturen har vore uendra i mange år, seier Natt&Dag-journalist Martin Gedde-Dahl. – Det går enno i ting som bart, flanellskjorte, Grünerløkka og Øyafestivalen, seier han.

LES FAKTALUKK FAKTA

Artikkelen var først publisert hos Universitas, på bokmål. Omsett til nynorsk av Framtida.no

Du kjenner garantert nokon som har fått karakteristikken tredd ned over hovudet. Kanskje har du sjølv blitt kalla det. Men kva inneber det eigentleg å vera ein hipster?

Nokre raske Google-søk avslørar at definisjonane er mange. På éi side blir hipster-omgrepet definert som ein slags motkultur med stort fokus på sjølvstende og individualitet. Like ofte vert konkrete kulturelle uttrykk stempla som hipster, gjerne i negativ forstand. Det vert debattert med forakt i kva grad noko er hipster eller ikkje. Nokre skuldar, andre forsvarar seg, men ingen vil vera hipster. Korleis veit ein eigenleg kven som er det ingen vil vera?

LES OGSÅ: Matematikar: Derfor er alle hipsterar like

Ein kulturell klisjé
Forskarane som har studert hipster-fenomenet ser ut til å vera samde om eit par ting. For det første har hipster-omgrepet endra tyding fleire gonger i løpet av 1900-talet. Først var hipsteren ein kul, svart fyr, deretter ein kvit fyr som ville vere kul på ein svart måte. Hipster-omgrepet me kjenner i dag har likevel mest å gjera med alternativ ungdomskultur frå 90-talet, først og fremst assosiert med den kvite middelklassa. Ifølgje marknadsforskarane Arsel og Thompson har det tidlegare mytiske omgrepet vorte ein kulturell klisjé på «trenden til 2000-talet-søkjande über-konsumentar».

Den kulturelle hipster-klisjéen gir trend-søkjande über-konsumentar problem. Det er jo ikkje noko dei heller vil unngå enn å vera ein klisjé. Dei vil vera originale og ekte. Dei vil vera kule. Og når det ikkje lenger er originalt å vere original, må ein nekta for å ville vera det.

LES OGSÅ: Lost in translation

Dei som prøver for hardt
Ingrid Tolstad er éin av få nordmenn som har forska på den hårfine balansegangen mellom det å bli oppfatta som kul og hipster. I 2005 gjennomførde ho eit feltarbeid i Williamsburg i New York – det som den gong vart regna for å vere sjølve kjerna av hipster-kulturen av mange. Ho skulle eigenleg studera musikksjangeren lo-fi, men materialet avslørde meir om kulheit som fenomen enn om ein spesiell type musikk. Opphaldet i det ho kallar «Hipsterville» enda difor i endra problemstilling, og ein sosialantropologisk mastergrad om hipsterar.

– Kortversjonen er at omgrepet «hipster» gjerne blir brukt om ein person som er oppteken av å vere kul. Det er eit viktig skilje mellom dei som er kule og dei som vil vera det. Hipster-omgrepet er effektivt når ein skal avsløre dei som prøver for hardt, seier Tolstad.

Når alle prøver å skilja seg ut, er det viktig å vera annleis på det som blir oppfatta som ein ektefølt måte, forklarar Tolstad. Du skal ikkje like den obskure indie-skiva fordi du vil vera kul, men fordi det er riktig for deg. Utfordringa er å heile tida måtte omdefinera eigen identitet gjennom nye kulturelle uttrykk – utan å prøva for hardt.

– Det må verka som om du endra stil fordi du tilfeldigvis oppdaga noko nytt. Viss ikkje vert du fort «outa» som hipster, seier Tolstad.

Hipster2

Skal ein oppretthalda eigen kulheit må ein fornya seg sjølv heile tida. – Nokon har eit slags naturleg talent for å naturleg søka opp nye ting som seinare blir plukka opp av andre, seier hipster-forskar Ingrid Tolstad. Foto: Birte Nystad Magnussen

LES OGSÅ: Dansken som skal leia festival i fjellheimen

Kulheit som kapital
Men det blir berre vanskelegare å halda seg framfor resten av flokken. Moderne teknologi gjer vegen kort frå ytterkant til jamstraum. Det tek ikkje lang tid før den slitne vintage-buksa vert å sjå i vindauget på H&M. Og når alle vil bu på hippe Grünerløkka, er ikkje området lenger like hipt.

– Kulheit er ein kapital som er ettertrakta. Om folk tykkjer du er kul, høyrer dei på deg. Problemet oppstår når fleire og fleire imiterer deg. Då er ikkje kulheita ein knapp ressurs lenger, seier Tolstad.

Du er med andre ord avhengig av både heider og eksklusivitet for å bli oppfatta som kul. Når nokon då kallar deg ein «jævla hipster», avslører dei eigenleg at uttrykket ditt ikkje er så eksklusivt. Folk har sett det før. Du er ein imitator. Ifølgje Mark Greif, medforfatter av boka «What Was The Hipster: A Sociological Investigation», kokar det heile ut i ein maktkamp mellom samfunnsgrupper som kjempar om status. Ved å avsløra ein hipster, kan du kvitte deg med ein konkurrent.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Ein konserverande kultur
For å unngå å bli avslørt som ein overtydeleg imitator må du heile tida leita etter identitetsmarkørar på nye stader – òg blant jamstraums kulturuttrykk. Det har fått den danske sosiologen Bjørn Schiermer til å avfeia hipster-fenomenet som ein subkultur. Han meiner jakta på det individuelle og unike har gitt dagens unge ei konservativ tilnærming til fortida. Me gjer ikkje opprør på jakt etter kulheit. Me leiter etter gamle kvalitetsskiver. Fortida sitt ukule uttrykk blir adoptert med ironisk distanse. Tolstad meiner bruk av ironi kan gi auka eksklusivitet.

– Ironi er ofte heilt genialt fordi det per definisjon handlar om å vera tvitydig. Då den harry trucker-capsen først dukka opp på Grünerløkka, var det vanskeleg å vita om han var meint bokstaveleg eller ikkje. Å vita skilnaden skapar eksklusivitet, seier ho.

LES OGSÅ: Kjøper doping for konfirmasjonspoengane

Frå stilsikker til trendjegar
Alle som vil vere kule må ha kulheita litti fred. Med hipster-omgrepet blir linja trekt. Me er kule, du prøver for hardt. For å testa forskingsfunna, kontakta me Natt&Dag. Gratismagasinet sin redaksjon, som sjølv blir kalla hipsterar av mange, er godt frampå med det som til ei kvar tid blir definert som kult i hovudstaden. Er dei ikkje hipsterar sjølv, veit dei kanskje kven som er det?

– Å kalle seg sjølv hipster reduserer stilsikkerheit til eit jag etter trendar. Om overlegen smak skal gi nokon sosial status, må han vera tilsynelatande naturleg – ikkje vera del av ein konstruert hipsteridentiet, seier Natt&Dag-journalist Martin Gedde-Dahl.

Han meiner hipster-omgrepet overordna definerer unge folk som er tidleg ute med kulturelle trendar, men at det først og fremst blir brukt negativt om nokon som er «tåpelege, strebande eller douchy». Sjølv meiner han at den statiske hipsterkarikaturen er noko av det mest interessante.

– Hipsterkarikaturen er i dag nøyaktig den same som då det gjekk inflasjon i «hipsterar» og «hipsterhatt» for fire-fem år sidan. Det går enno i ting som bart, flanellskjorte, Grünerløkka og Øyafestivalen.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Tømt for meining
Sjølv om karikaturen er statisk, meiner Gedde-Dahl at definisjonar og «døve analysar» har komplisert sjølve ordet og tømt det for meining.

– Hipster-omgrepet er stort sett eit ledd i ein kulturell observasjon, på nivå med å påpeika at rapparar brukar store bukser eller at caps ikkje har nokon funksjon når han er snudd bak fram, seier han.

Også forskinga ser ut til å etterlata «hipster» som eit upresist og negativt omgrep. Når folk blir litt for kule, kan dei haldast i sjakk. Orda ser i dag ut til å først og fremst fungera – slik som den gode, gamle jantelova – som eit sosialt filter.

LES OGSÅ: Å finne den rette i studietida

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE