Derfor gret du av lukke

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit fenomen som er naturleg, men vanskeleg å forklara, har forskarar ved Yale-universitetet gått i djupna på. Kvifor reagerer mange på lukkelege augneblink, som store gjensyn eller bryllaup, med å tørka tårene?

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?

Psykologen Oriana Aragon ved Yale-universitetet i USA lurte på dette, og vart overraska over å ikkje finna noko svar. Ho tok til på arbeidet, og etter ei lang rekke har ho funne ei mogleg forklaring.

Det handlar om balanse, ifølgje Yale sine heimesider.

– Det kan vera at folk kjem i balanse med desse uttrykka. Det hender når folk er overvelda av sterke, positive kjensler, og dei som gret av lukke ser ut til å samla seg raskare frå dei sterke kjenslene, seier Aragon til heimesida. Dette forklarar og kvifor sterke negative kjensler kan bli møtt med positive kjenslereaksjonar, som til dømes smil eller latter.

I tillegg til dette fann Aragon ut ein ting til – dei som mest truleg gret av lukkelege situasjonar er dei same som ikkje klarar å lata vera å klypa ein baby i kjaken.

LES OGSÅ: Ungdom treng faktisk meir søvn