– Overgangen frå vidaregåande til dette har vore stor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studerer i Forsvaret

Artikkelen vart først publisert i Avisa Nordhordland

Magnus (22) har alltid hatt lyst til å ta førstegongstenesta i militæret, og då vidaregåande nærma seg slutten, begynte han å vurdere forsvaret sin ingeniørhøgskule, som er ein del av Cyberforsvaret.

LES OGSÅ: Aleksander (14) vil verta pilot

To fluger i ein smekk
– Eg gjekk TAF-linja i Knarvik, og der hadde eg ein lærer som anbefalte meg å ta utdanning i forsvaret. Eg vart nysgjerrig, og undersøkte om dette kunne vera noko for meg, seier han.

– I tillegg tenkte eg det kunne vera lurt å ta to fluger i ein smekk. Eg skulle jo uansett ta førstegongstenesta, så kvifor ikkje starte på utdanninga i same slengen? Dessutan er skulegang i forsvaret gratis, noko eg synest er ein stor bonus.

LES OGSÅ: Nakensjokk som lynavleiar

Magnus gjekk på utdanningsmesser, og tok kontakt med dei som stod på forsvaret sine stands.

– Eg vart meir og meir interessert, og bestemte meg for å søka.

Magnus måtte gjennom både psykiske og fysiske testar, og kom inn på forsvaret sin ingeniørskule på Jørstadmoen hausten 2012. Det tar fire år å fullføra ein bachelor i telematikk, slik Magnus gjer. No er han på tredje året.

– Min jobb vil kort fortalt verta å beskytta datasystemet mot cyberangrep og spionasje. Vi er det som var samband før.

LES OGSÅ: Utdanningsmessa samlar fleire tusen

Marsjerte til skulen
Det som skil skulegang i forsvaret frå vanleg skule er at elevane må gå i uniform kvar dag. I tillegg er det obligatorisk oppmøte, noko som tyder at elevane må stilla på skulen kvar einaste dag. Det første året måtte Magnus og resten av klassen stå opp klokka 06.15 for å vaske rommet, og deretter marsjere til skulen.

LES OGSÅ: Vil ha dobbelt så mange vernepliktige

– Eg var innstilt på at det vert slik, så eg synest det er bra, sjølv om overgangen frå vidaregåande til dette har vore stor. Når alt er såpass strengt, får ein raskt inn gode rutinar, som hjelper oss undervegs i utdanninga.

Etter fire år på skulen, skal Magnus ha fire pliktår som ingeniør i Forsvaret.

– Ein vert bundne til å vera i forsvaret i åtte år, men det ser eg berre på som positivt, eg er sikra betalt jobb, og får gjera noko eg synest er veldig kjekt. Vinn-vinn, seier han optimistisk.

LES OGSÅ: Luftforsvaret til motorshow