Fyresdal ungdomsråd reagerer kraftig på at regjeringa vil kutte støtta til 4H. No bed dei unge fyresdølane Telemarksbenken på Stortinget om å kjempe saman med dei for saka.

Geir Ufs, Vest-Telemark Blad
Geir Ufs, Vest-Telemark Blad

I framlegget til statsbudsjett 2015 ynskjer den blåblå regjeringa å kutte det økonomiske og faglege samarbeidet med 4H frå 2016. Mellom anna blir fylkes-4H rundt i landet kasta ut av gratis kontorlokale hos fylkesmennene.

Fyresdal ungdomsråd er kjent for å vere frampå i aktuelle saker som gjeld unge i samfunnet. I eit møte nyleg valde ungdomane å bli med i kampen for å ha eit levedyktig 4H i Noreg også framover. Ungdomsrådet er sterkt ueinig i at det skal kuttast i statleg tilskot til den friviljuge organisasjonen.

LES OGSÅ: Storberget: 4H-kuttet bryt med lovnadane 

Beste verktøyet

– Me meiner 4H er beste verktøyet ein kan ha om det er ynskjeleg med busetjing, landbruk og næringsverksemd i heile landet. 4H er ein av statens viktigaste samarbeidspartnarar i rekruttering til landbruket. Drift av lokale klubbar er tufta på nært samarbeid og rettleiing frå fylkeskontoret. Utan bistand frå dette leddet er me redd 4H-klubbane etter kvart fell bort, uttaler ungdomsrådet.

Dei har forstått det slik at regjeringa ynskjer landbruk i heile Noreg. Ungdomsrådet meiner den aller beste måten for å få det til er å stø opp om 4H.

– Fordi 4H gjev opplæring innan naturbruk, jord- og skogbruk, motiverer barn og unge til utdanningar knytt til naturbruk og lokale ressursar, og ein samarbeider med landbruksforvaltinga. Vidare gjer 4H at mange barn og unge blir klar over alt som går føre seg i landbruket, og ein gjev barn og unge opplæring i entreprenørskap gjennom prosjekta i den friviljuge organisasjonen. Dessutan bidreg 4H til positiv bygdeutvikling, påpeikar ungdomsrådet.

Dei legg til at det er ynskjeleg med ei avtale framover fordi ein meiner regjeringa må forplikte seg til å arbeide med rekruttering og opplæring til landbruk og entreprenørskap.

– Me ynskjer å setje fokus på kor viktig 4H er for Bygde-Noreg, og for rekruttering til landbruket. Me håpar stortingspolitikarane vil kjempe for saka, uttaler Fyresdal ungdomsråd.

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE