Super utfordring

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ytringa var først publisert på Ivar Aasen-tunet sine nettsider. 

 – Det er eit privilegium å få spegle det språklege mangfaldet i Noreg, sa tidlegare kringkastingssjef Hans Tore Bjerkås i Aasen-tunet 26. juni 2010.

Som allmennkringkastar har NRK eit særleg ansvar for å ta vare på norsk språk, kultur og identitet. For å målfeste dette ansvaret har dei eit krav om at minst 25 % av alle sendingane skal vere på nynorsk. Statistikkane peikar litt opp og ned, og for kanalen som vender seg til morgondagens viktigaste språkbrukarar, NRK Super, har tala svinga frå 18 til 25 og tilbake til 22 dei siste tre åra. Det kunne vore betre, men det kunne òg ha vore verre.

Tal er éin ting, men kva så med det som ligg bak tala? For å seie det med ein kakeanalogi: Om du får ete 25 % av ei jordbærkake, er det likegyldig kva del av kaka du får? Et du berre botnen, blir du fort mett, får du berre krem, blir du kvalm. Det er ikkje kake om ikkje ingrediensane er jamt fordelte.

No kjenner eg ikkje så mange som orkar ei kvart kake, og ikkje ser eg så mykje på NRK Super heller, men eg håpar kanalsjefane er bevisste på kva del av kaka dei gir nynorsken. Heile animasjonsseriar som er dubba til nynorsk er betre enn seriane der enkeltkarakterar, gjerne dei raraste, snakkar annleis. Slik ein høyrer på Disney Channel. Det beste er uansett at borna for sjå levande ungar, som dei kan identifisere seg med, og opplever at nynorsk og levande dialektar er ein del av mediekvardagen. Gode døme på dette er seriane «Vaffelhjarte» og «Klart eg kan».

Ein tidlegare kanalsjef for NRK Super snakka om dubbing av den danske juleserien «Pakten» frå 2009. Der snakka borna standard austnorsk, medan fleire av dei vaksne snakka dialektar frå ulike delar av landet. – Det er sånn verkelegheita er, sa han. Mogleg det, på Austlandet. Men her eg bur er det meir vanleg at borna snakkar sunnmøring og at fleire av dei vaksne snakkar ulike dialektar. Og når vi då er inne på julekalenderseriar og nynorskprosent, det blir eit svært godt jordbær den dagen NRK Super ser at denne kombinasjonen er god.

Ei anna utfordring eg håpar NRK Super ser, og tek, gjeld to andre store satsingar som involverer born frå heile landet: Blime og MGP jr. Det er heilt strålande at NRK engasjerer 180 000 born i ei slik massemønstring som Blime er. Og i botnen ligg ein viktig bodskap. Men har redaksjonen nokon gong vurdert at songen kan vere på ei anna målform enn bokmål? I år utgjorde nynorskskulane nesten 20 % av alle som var med. Når dei kan synge bokmål av full hals, burde ikkje også alle bokmålsskulane kunne syngje nynorsk ein gong kvart fjerde år?

MGP jr har i mange år vist born og ungdom frå heile landet at det er flott å syngje på si eiga dialekt, og samisk ikkje minst. Deltakarane har vore gode ambassadørar for språkleg sjølvkjensle, anten det er totning, bergensk eller nordfjording. I år var fem av ti innslag på dialektar som skil seg frå det standard austnorske, men den delen har også vore mykje større. Er det ikkje då mogleg å tenkje at når desse deltakarane skal syngje ein fellessong, som NRK Super har bestilt, så kan den vere på noko anna enn bokmål?

Den treng ikkje å handle om jordbærkake, men på nynorsk blir det på sett og vis det det handlar om uansett.