Når me nyttar ei heil veke på å tala om nakingbading, er det på tide å tenkja seg om.

Therese Sollien, Dag og Tid
Therese Sollien, Dag og Tid

Kommentaren vart først publisert i Dag og Tid.

Denne veka fekk me lesa endå ein gong om den kvinnelege soldaten som for tre år sidan vart tvinga til å bada naken og vaska seg i ei elv saman med 35 mannlege soldatar framføre fire befal. Saka vart omtala i papiravisene og på fjernsyn, for ikkje å seia i alle nett­aviser, der saka sjølvsagt fekk mange klikk. Ei naken kvinne er den lettaste vegen til å få folk til å klikka på ei sak.

Framsida til VG på onsdag synte tydeleg korleis stoda var. Øvst på sida låg ein naken politikar frå Senterpartiet ved sida av overskrifta «Derfor kaster jeg klærne». Rett under saka med den nakne Senterparti-kvinna kunne me lesa om nakenbadarsoldaten Alice. «Soldat-Alices kamp: Alle skal slippe NAKEN-BAD», stod det.

Kvifor fekk ho ikkje ha underty på seg? Kvifor fekk ikkje offiseren som hadde gjeve ordre om badinga, refs likevel? Kvifor var det naudsynt at ho var heilt naken?

LES OGSÅ: – Du, kjekken, blir med meg på bakrommet

For og imot
Saka fekk gå sin sigersgang i sosiale medium òg. Dei som vanta sympati for kvinna, peika på at Forsvaret er ein hierarkisk organisasjon der det er livsfarleg om ein soldat motset seg ordre i ein akutt situasjon. Anten vil ein vera soldat, eller so vil ein ikkje vera det. Ingen vert truga til å vera soldat i Noreg.

Ho hadde sett seg i den situasjonen heilt friviljug. Då fekk ho tola å vaska seg når ho fekk ordre om å gjera det. Noko anna ville vera å seia at kvinner skal få vera jamstelte med menn, men samstundes skal dei kunna krevja å verta handsama ulikt.

Kvifor øver Forsvaret på å symja naken i elvar? Av di dei ser føre seg at det kan verta naudsynt i ein krigssituasjon. Det er til dømes ei nokso vanleg øving å ha kleda og ryggsekken over i ein plastpose som ein blæs opp so han flyt, so sym soldatane over elva med automatvåpen i éi hand over hovudet medan dei nyttar den andre handa til å dytta plastposen framføre seg. Når dei kjem til den andre sida av elva, har dei turre klede og eit våpen som framleis fungerer.

LES OGSÅ: Feminist, ja visst!

Naudsynt eller ikkje
I fredstid kan me nytta eit år på å vurdera i retten om nokon er ven eller fiende. I ein krigssituasjon er det ein vitskræmd ungdom som skal taka avgjerda på eit halvt sekund. Då kan ein ikkje vera so skuggeredd at det å vaska seg i ei elv er eit problem.

Dei som hadde sympati for kvinna, på den andre sida, peika på at ho trass i alt hadde fylgt ordren, men at det var noko gale med ordren i utgangspunktet. Det saka dreia seg om, var om ordren var naudsynt eller ikkje.

Når ein øver på krig, tyder det ikkje at ein kastar ekte handgranatar på kvarandre. Ein skyt ikkje på kvarandre. Det er ikkje naudsynt å taka av alle kleda for å vaska seg i elva berre av di ein kan tenkja seg at det skulle verta naudsynt i ein krigssituasjon. Me tvingar ikkje krigs­fangar til å vera nakne framføre folk av det andre kjønnet, og ein burde ikkje gjera tilhøva verre for ei kvinne i fyrstegongsteneste enn for krigsfangar.

Men noko er gale med heile problemstillinga. Når ei slik sak får so mykje merksemd, er det ein lynavleiar som tek merksemda vår bort frå og ufarleggjer kva Forsvaret eigenleg øver på: krig.

LES OGSÅ: Verneplikt for alle vedteke

Humanitær intervensjon
Forsvaret øver seg ikkje nett til jolebord eller russetreff eller spørjetimen på Stortinget. Dei øver seg på å vera i krig.

Krig er grueleg. Men slik har det ikkje vorte framstilt dei seinaste åra; reinhekla krig har me liksom ikkje hatt her til lands sidan 1945. Sidan då har me hatt FN-bataljonar, og me har vore i Libanon og Kosovo og Afghani­stan og Aust-Timor og Irak og so bortetter, lista er lang. Men ein ny 9. april har me sloppe unna.

Dei seinaste åra har me på toppen av alt berre vore med på «humanitære intervensjonar» og «militære operasjonar», som om det gjer krigen betre for dei som vert skotne, og sivile som vert bomba. Me sender soldatar til Irak for å vera del av ein militær operasjon. Dei skal ikkje i krig.

Godt er det, for krig er noko av det verste eit menneske kan verta utsett for. Krig driv ein ikkje med berre via ein fjernkontroll; det går føre seg på bakken, der menneske vert drepne. I andre verdskrigen vart femti millionar menneske drepne, til dømes. Ein britisk soldat under fyrste verdskrigen overlevde i snitt i seks veker. Dei yngste soldatane og dei som bar bårene, levde kortast.

«Aldri meir 9. april», sa folk i Noreg etter andre verdskrigen. Det er fleire grunnar til at den kalde krigen aldri vart varm – det er til dømes vanleg å peika på at krigen heller gjekk føre seg gjennom proxykrig, eller at trugsmålet om ymsesidig garantert øydeleggjing gjorde varm krig umogeleg, eller at den bipolare strukturen med to supermakter eigenleg var ein stabil struktur – men kanskje den viktigaste grunnen var at folk hugsa kva krig var for noko og ville unngå for kvar ein pris at det vart krig ein gong til.

Den ryggmergsrefleksen lyt me halda på. Og i same andedrag lyt me tenkja over om me har vorte so distanserte frå kva krig er for noko at ingen reagerer når me talar meir om nakenbading enn kor mange som døyr i dei humanitære intervensjonane. Sliper me ned den ryggmergs­refleksen, vert det lettare å senda soldatane våre i krig, same kva me kallar krigen. Det er lenge sidan 1945, men det tyder ikkje at me kan gløyma kor grufull krigen er.

LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

Kommentarar

ANNONSE