Vesten må ta Kina på det djupaste alvor, seier leiaren i Framtiden i våre hender.

Det kan nok vere frustrerande å vere norsk politikar somme gonger. Som når ein må svare på skuldingar om å ha «putta fingrane i øyra» etter at FNs klimapanel for n-te gong varsla at no, no må vi faktisk gjere noko. Eller når ein skal navigere mellom ein oljebransje som hevdar nye oljesatsingar er god miljøpolitikk, og ein opposisjon som meiner den same industrien driv med farleg grønvasking.

Tenk då korleis det må vere å vere kinesisk politikar. Ikkje berre slepp Kina ut meir CO2 enn EU og USA til saman. Trass i det høge befolkingstalet, er Kinas utslepp per person 45 prosent høgare det globale gjennomsnittet. Og ikkje berre står miljøverstingen kol bak 66 prosent av energiforbruket i landet. Minst 100 millionar menneske lever også under fattigdomsgrensa, og kvart år aukar folketalet med meir enn heile Noregs befolking. Puh.

Kinesiske politikarar har lova omfattande klimatiltak og kraftige kutt i utsleppa innan 2020. Framtiden i våre hender inviterte tysdag representantar frå den kinesiske ambassaden til eit møte om Kina og klimaendringar på Litteraturhuset i Oslo. Den fullsatte salen reflekterte Kinas avgjerande rolle i klimaspørsmålet; utan Kina, inga klimaløysing.

Meiner eigeninteressa for løysing er stor
– Det største spørsmålet er om Kina kjem til å kopiere vår lite berekraftige vekst, eller finne ein betre utviklingsveg, seier Arild Hermstad, som er leiar i Framtiden i våre hender.

– Mitt inntrykk er at Kina gjer dei same feila som oss, men at det samstundes rår ein ide om at den kolbaserte veksten i landet må ta slutt og at overgangen til eit  lågutsleppsamfunn må kome fortare enn hos oss, meiner han.

LES OGSÅ: Norske klesprisar halvert på ti år

Trass dei enorme utfordringane Kina står overfor, er Hermstad optimistisk.

– Kinesarane har stor eigeninteresse i å finne ei løysing, både på kort og lang sikt. På kort sikt fordi forureining og andre miljøproblem er ei stor utfordring i landet. På lang sikt fordi både naturen og jordbruket i landet er avhengig av eit stabilt klima, og landet er nøydd til å ha høg matproduksjon, seier han.

– Vi må sjå til Kina
Målet med møtet var å få eit innblikk i kinesisk klimapolitikk frå innsida. Shi Yi ved den kinesiske ambassaden fortalde om dei store utfordringane Kina står overfor.

– Folketalet i Kina aukar stadig og presset på arbeidsmarknaden er høgt. Samstundes lever kring 100 millionar kinesarar framleis under fattigdomsgrensa på 1 dollar per dag. Kina er framleis eit utviklingsland, og BNP per capita tilsvarar nivået i Noreg i 1974, var blant poenga til Shi.

Kinesiske styresmakter vil løfte mange millionar ut av fattigdom, og auke kjøpekrafta i landet. Men ei av dei store utfordringane i Kina, er at veksten i stor grad er basert på kolkraft.

– Kina arbeider for å gradvis erstatte kol med fornybar energi, og vi arbeider med mange ulike teknologiske løysingar. Men Rom vart ikkje bygd på éin dag. Vi har framleis ein lang veg å gå, sa Shi, og peika mellom anna på at svært mange arbeider i kolindustrien.

I internasjonale klimaforhandlingar har det lenge vore ei todeling, der høginntekstland vil ha likt ansvar for utsleppskutt, medan låginntektsland vil at Vesten skal anerkjenne at dei har ein større del av ansvaret for farlege klimautslepp enn fattige land.

LES OGSÅ: Klimautsleppa større enn nokon gong

Under møtet peika Shi på at store delar av CO2-utsleppa i Kina kjem frå den enorme produksjonen av industrivarer som vert eksportert til resten av verda.

– For Kina er energi- og miljøkostnadane store, men den økonomiske gevinsten liten, sa ho, og fortalde at kring 50 prosent av inntektene frå ein iPhone går til USA, 34 prosent til Japan, 13 prosent til Sør-Korea, medan berre 4 prosent går til Kina.

Wang Li, som også representerte den kinesiske ambassaden under møtet, haldt også fast ved denne linja.

– Framtida er i våre hender, men vi kan ikkje gløyme fortida. Dei totale utsleppsreduksjonane er det som betyr noko. I-land er i ein betre posisjon enn u-land til å kjempe mot klimaendringane, og ein kan ikkje vente det same av u-land og i-land. Kinas politikk er at vi treng ein felles, men differansiert internasjonal klimapolitikk, sa Wang.

bilete3

 Salen var fullsatt då det handla om Kina og klima på tysdag. Foto: Tora Hope

Meiner Vesten må akseptere historisk ansvar
Hermstad meiner rike land må akseptere at historisk ansvar må med i reknestykket.

– Det er er utsleppa dei siste hundre åra som har skapt klimaendringane. Vi veit at fattige land er nøydde til å sleppe ut meir for å skape verdige liv for sine innbyggjarar. Då har ikkje rike land anna val enn å kutte kjapt og mykje. Dersom vi ikkje gjer det, har vi eit veldig dårleg argument og vi nektar fattige land retten til utvikling. Dette må vi ta på det djupaste alvor, seier han.

LES OGSÅ: Desmond Tutu har mista respekten for Noreg

Han er kritisk til løysingar som til dømes karbonhandel.

– Vi har ikkje anerkjent det som kinesarane påpeikar, når strategien er å kjøpe seg fri medan ein held fram med å sleppe ut meir enn før. Samstundes er det eit spørsmål om Kina vil gjere like mykje utan ein internasjonalt bindande avtale enn dei hadde gjort med.

Verdsleiar i rask omstilling
Lars Liljelund har sidan 2007 vore medlem av den kinesiske regjeringas miljørådgjevande organ – China Council (CCICED). Liljelund, som også deltok på møtet, er knytt til SEI, Stockholm Environment Institute. Han peika på at Kina er verdsmeistar i rask omstilling, og at dette kan gi håp for at landet kan ta ei leiande rolle i møte med klimaendringane.

For augeblinken er landet inne i ei ny omstilling, som av ekspertane vert kalla eit av dei største eksperimenta i menneskeleg busetjing nokonsinne.

Etter Mao Zedongs død på slutten av 70-talet budde kring 8 av 10 kinesarar på landsbygda. I 2012 budde over 50 prosent av kinesarane i byar, og strategien frå høgste hald er ein ganske annan enn Maos kollektive gardar på bygda: Kina skal urbaniserast, og det i ein fart verda ikkje har sett makan til. Dersom trenden held fram som i dag, vil over 1 milliard menneske kunne bu i kinesiske byar i laupet av dei neste tjue åra.

LES OGSÅ: – Viktige aktørar hindrar klimaavtale

Landet trålar nye farvatn med sin ambisiøse urbaniseringsplan, og utfordringane står i kø. Mellom anna skjer kring halvparten av den urbane veksten på bekostning av dyrkbar jord, noko som kan få konsekvensar for mattryggleiken i landet. I tillegg manglar mange rurale migrantarbeidarar tilgang til velferdstenester i byane. Dette kjem av den strenge reguleringa av bustad i Kina, der ein skil mellom rural og urban hushaldsregistrering.

At kinesiske myndigheiter har oversett dei kring 250 millionar migrantarbeidarane sine behov, har gjort urbaniseringa i Kina billeg, skriv professor i urbanisme, miljø og humanøkologi, Xuemei Bai, i ein artikkel publisert i tidsskriftet Nature. På sikt kan det likevel bli dyrt.

LES OGSÅ: USA og Kina er klimaverstingar

Migrantarbeidarar som ikkje finn tryggleik i byane, sit på ubrukt dyrkbar jord på landsbygda, samstundes som kriminalitet og protestar for høgare løn vert vanlegare i byane. Sjølv om det kostar å gje migrantarbeidarane tilgang til utdanning, vatn og sanitering, vil det vere avgjerande for den sosiale stabiliteten i landet, ifølgje Xuemei.

Her kan du lese meir om migrantarbeidarar og klimaendringar.

Og ikkje minst, hand i hand med urbaniseringa går ei rekkje miljøproblem. Luft- og vasskvaliteten i kinesiske byar er dårleg og vert stadig verre, og som resultat ser Kina ei auke i tilfelle av kreft og luftvegs-sjukdommar.

– Urbaniseringa treng ikkje å vere eit stort klimaproblem. Ein kan klare å ta høgde for klimautfordringane, samstundes som ein legg opp til urbanisering. Men sjølv om Kina nok er leiande på byplanlegging, er eg usikker på om det er det som skjer no.  Dersom ein planlegg for høg bilbruk til dømes, for seinare  å innsjå at ein må satse på sykkel og kollektiv, slik som vi har gjort, så er det jo ein tungvint måte å gjere det på, seier Hermstad.

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE