– Viktige aktørar hindrar klimaavtale

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det hjelper lite at EU, forskarsamfunnet og miljørørsla prøver å få fart på det internasjonale klimasamarbeidet, når viktige aktørar som USA og Kina ikkje ønsker ein ambisiøs klimaavtale. Det skriv Noregs forskingsråd/Forskning.no.

LES OGSÅ: Er dette framtidas by?

Dei siste åra har det internasjonale klimasamarbeidet stått stille, eller blitt svekka. Ei gruppe forskarar ved Fritjof Nansens Institutt (FNI) har sett nærare på kvifor samarbeidet har gått i stå.

Ifølgje Forsking.no peikar forskarane mellom anna på at USA, som er ein svært viktig aktør, ikkje har ønska nokon sterk klimaavtale. EU har vore den einaste aktøren av betyding som har ønska ein ambisiøs avtale, men EU har ikkje åleine vore sterk nok til å drive fram ein slik avtale.

LES OGSÅ: Eit syskenskap djupt som jorda

I tillegg peikar forskarane på at framveksande økonomiar, og særleg Kina, har fått langt større innflyting. Desse landa har heller ikkje ønska noko ambisiøst klimasamarbeid. Til sist løftar dei fram at ikkje-statlege aktørar, som forskarsamfunnet og miljørørsla, har hatt lita påverknad. Også finanskrisa i 2008, har påverka samarbeidet om ein felles klimaavtale.

Verda har tidlegare synt at det er mogleg å samarbeide om internasjonale miljøproblem, slik landa gjorde for å redusere utslepp av gassar som skadar ozonlaget. 197 land har underteikna Montreal-protokollen om å stogge utslepp av slike gassar, og i år 2050 kan ozonlaget vere lega.

Forskingsprofessor Steinar Andresen ved FNI seier til Forsking.no at verda slit med å få til det same i klimaspørsmålet, fordi dette problemet går til kjerna av om lag all økonomisk aktivitet i verda.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist