Zombie-akademia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart først publisert hos Universitas.

Vitskapen har avkrefta mytane om zombie-epidemiar, men det har ikkje stoppa seriøse vitskapsfolk frå å planlegga dei sjølv. Den amerikanske avisa for tilsette i høgare utdanning, The Chronicle of Higher Education, har laga ein oversikt over akademikarar som har skrive seriøse artiklar om zombiar.

LES OGSÅ:

Zombie-modell skildrar epidemiar
I 2009 publiserte ei gruppe kanadiske forskarar ein matematisk modell som skildrar korleis eit zombie-virus kan spreia seg i befolkninga, og kva styresmaktene eventuelt måtte gjera for å stoppa eit utbrot. Andre forskarar tok deira arbeid vidare, og viste korleis liknande modellar kan brukast for å spå influensaspreiing.

LES OGSÅ: Zombie-studentar får millionerstatning.

Det er slik at storparten av zombie-forsking blir brukt som eit forsøk på å studera korleis faktiske sjukdommar spreier seg, skriv Chronicle. Og i ei verd der folk let seg skremma av fantasi-zombiar kvar gong reelle sjukdommar som ebola herjar, verkar det fornuftig å burka den populærkulturelle appellen dei levande daude har for å faktisk læra folk ein ting eller to, meiner avisa. Men det er ein tynn knivsegg å balansera på, for så fort ein forskar nemner zombiar i ein seriøs samanheng, har mistolkingar ein tendens til å spreia seg raskt i fantasien til folk.

LES OGSÅ: Ein smak av zombie (og litt menneskekjøt)

Lurte lyttarar med oppdikta zombie-sjukdom
I 2011 fortalde Steven Schlozman, psykologi-lærar ved Harvard Medical School, i eit radioprogram at han hadde funne ein artikkel om ein mysisk sjukdom, Ataxic Neurodegenerative Satiety Deficiency syndrome (ANSD). Artikkelen vart skriven av ein doktor ved Det nasjonale smittevernsenteret (CDC), som døydde før han rakk å publisera den.

LES OGSÅ: Zombie-jakt i Blindern sin undergrunn

ANSD skulle visstnok øydelegga pannelappen, medan amygdalaen heldt seg uskadd, noko som forvandla offera til tomme skal av reint raseri – eller zombiar, om du vil.

Sjukdommen var dikta opp av smitteverndoktoren, som og var science fiction-forfattar, skriv Chronicle. ANSD var ein del av ein zombie-roman han hadde skrive.

LES OGSÅ: Med skjelett i skapet

Brukar zombiar for å læra folk om helse
Schlozman hadde rekna med at folk skulle skjønna at alt berre var påfunn, og programleiaren var med på spøken. Men det var ikkje alle lyttarane.

– Eg fekk e-postar med spørsmål om kva som var den beste medisinen mot sjukdommen og korleis folk kunne beskytta seg, skreiv psykologilæraren seinare i The New York Times.

Seinare same år siterte Ali S. Khan, ein av sjefane for CDC, Schlozman i eit blogginnlegg om korleis folk kunne bu seg mot ein zombie-epidemi. Innlegget var meint som ein lettbeint måte å få lesarane til å bu seg på ekte truslar som til dømes orkanar. Det vart på mange måtar ein suksess – trafikken vart så stort at serverane til CDC kræsja.

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet