«Ta deg saman, din latsabb!»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentaren vart først publisert i Bergens Tidende

Eg har tenkt om uføre at dei bør ta seg saman. Eg har tenkt om mange som sjukmelder seg at dei bør ta seg sjølv i nakken og reise på jobb. Slut å syt. Ta deg saman. Du utnyttar systemet! Velferdsstaten døyr – og det er din feil! Bare så du veit det, din latsabb!

LES OGSÅ: – Eittåringane er nøkkelen

Eg møtte mine eigne fordommar den dagen eg gjekk inn døra på legekontoret. Det gjorde vondt. Eg var lei meg på mange pasientar sine vegne. For mange av dei, kanskje dei aller fleste, har gått gjennom så mykje meir enn mange av oss andre. Overgrep. Sjukdommar. Kreft. Vanskelege og slitsame jobbar. Døtrer og søner med misbruk. Valdelege ektefeller. Feil. Konfliktar. Ulykker. Smertetilstandar. Det finst så mange ting som kan gå gale i dette livet, og det verkar som nokon faktisk får meir enn andre.

Men eg møtte også min eigen refleksjon i glaset der på legekontoret. Eg møtte kjensla av at eg var glad for at det ikkje var eg som hadde gått gjennom mange av desse tinga. For viss det var meg som sat der på stolen, og ikkje visste opp eller ned om kva eg skulle gjere med livet mitt – då veit eg ikkje om eg hadde takla det på same måte som mange av menneska som har kome inn kontordøra. Som endå står oppreist der ute i denne tidvise stormen, også kalla Livet.

LES OGSÅ: Gulrøter får fleire uføre i arbeid

Det er nok eit faktum at mange som blir sjukmeldt, kanskje kunne ha klart å gå på jobb. Kanskje skulle dei heller brukt eigenmelding. Det er kanskje mange der ute som snyltar på velferdsstaten via uføretrygd. Det er vanskeleg å seie kva som er godkjent fråvær og kva som ikkje er det. For verda er ikkje svart-kvit. Til trass for at det hadde vore mykje enklare om det var tilfelle.

Mange har heilt andre føresetnader for å klare seg i denne verda. Ein kan velje arbeid som ikkje gjev belastningar på rygg- og musklar, som gjer at ein kan ta det litt roleg dagar ein er sliten. Jobbar der ein har autonomi og betre inntekt.

Nokre har foreldre som gjev ros, som hjelper ein gjennom systemet, som tek tak viss ein gjeng i feil retning. For andre er foreldra problemet, og plutseleg blir du sendt rundt i fosterheimar. Der faste rammer og foreldre som bryr seg, kanskje blir erstatta med fest, hasj og dataspel. Korleis skal du då få hjelp til matteleksa?

Verda er urettvis, for ingen har fått eit val om kva liv ein skal få. Fleirtalet av oss brukar likevel oss sjølve som samanlikningsgrunnlag. ”Men då eg blei sjuk, gjekk eg på jobb. Men eg klarte å ha fire born OG vere i full jobb.”

Men alle er ikkje deg.

LES OGSÅ: Kropp, sjel, budsjett m.m.

Det er nettopp mange av stønadsordningane som velferdsstaten tilbyr som gjer at skilnadene i Noreg er mindre enn andre land. Kvifor også eit fosterbarn kan drøyme om å bli lege, sosionom eller lærar. Kvifor nokon som får kreft, uavhengig av sosial status, kan få fullgod behandling. Kvifor nokon som eigentleg ikkje har opphaldsløyve faktisk får helsehjelp. Kvifor nokon med kronisk sjukdom eller redusert arbeidskapasitet kan leve eit verdig liv.

Bak kvart menneske som gjeng inn døra på legekontoret, på NAV-kontoret eller som du der heime møter på gata, er det ein skjebne. Det er ein historie på godt og vondt, og som regel kan den historia forklare deg kvifor ting har blitt som det har blitt. Statistikk om sjukmelding og uførestønad seier ingenting om den historia. Den skildrar eit bilete som gjev politikaren rom for å seie at me må redusere. Redusere! Effektivisere! Det er krise!

LES OGSÅ: Livsmeistring i skulen

Tala gjev ikkje rom for det som kanskje hadde hjelpt; fornuft, nyansar og eit fleksibelt system tilpassa den einskilde.

Historia til menneska bak tala er verdt å bli minna på av og til, for å skjøne at samfunnet faktisk blir betre av å hjelpe kvarandre. Kanskje ved ein månadleg stønad, kanskje ved tiltak om å kome i jobb, men mest av alt ved å faktisk respektere at ikkje alle er like, har like store ressursar eller har vore like heldige med kva ein har møtt på av utfordringar i dette livet.

Takhøgda i arbeidslivet og samfunnet snevrast stadig inn. Når skal me byrje å diskutere kva krav som er fornuftige? Elles risikerer me å ende i ein situasjon der me alle fell utanfor.

Det hadde i alle fall blitt dyrt.

LES OGSÅ: Vil ha psykologane inn i skulen