Livsmeistring i skulen

Ingrid Marie Hildrum
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jamleg tar media opp ulike utfordringar som finst i det norske utdanningsløpet. Mellom anna har talet på «dropouts» og elevar som ikkje taklar skulegongen auka. Årsakene til slike problem er mange og samansette, men den gjennomgåande trenden er at ungdom opplev det vanskeleg å meistre livet og kvardagen.

Utfordringar blant barn og unge må sjåast i ein større samanheng. Både familie, skule, venekrets, nabolag og arenaer på fritida har mykje å seia for tilveret til ungdom. I tillegg har massemedia og sosiale medium ein innverknad for bruk av tid og kva ungdom er opptekne av. Teknologien har i ein viss grad gått ut over relasjonar og samtalar andlet til andlet.

Stadig fleire unge oppgjer at dei er einsame og manglar fortrulege vener eller vaksne å snakke med når dei treng gode råd, trøyst eller rett og slett berre ein samtalepartnar. Enkelte hevder at samfunnet har blitt meir individualistisk og mindre inkluderande. Alt for mange klarar ikkje å leve ut idealet om eit feilfritt, suksessfullt og innhaldsrikt liv.

Ein kombinasjon av prestasjonspress, overfokus på utsjånad, «tidsklemma» og forventingar om at ein må vere oppdatert til ein kvar tid, kan lett medføre høgt stressnivå, konsentrasjonsvanskar, låg sjølvtillit og eteforstyrringar. Nyleg kom det ein omfattande rapport om helsa og trivslen til norske studentar (SHoT 2014), som viser at godt og vel éin av fem studentar slit psykisk. Truleg er ikkje situasjonen noko betre for skuleungdommen. Andre store utfordringar som òg bør nemnast er dårleg privatøkonomi, mobbing, mangel på god fysisk helse og grenser knytt til rus og seksualitet.

Det er variasjonar i kva ungdom har fått av undervisning på desse tema. Nokre skular har til dømes sett fokus på mobbing og økonomiplanlegging, medan andre har køyrt antirøykekampanjar og fyrstehjelpskurs. Skilnadene kjem òg til syne når ein ser på helsetenestene og rådgivinga som er gitt ungdomar på dei ulike skulane. Ein må diverre ta utgangspunkt i at elevane ikkje har med seg nok kunnskap og erfaringar.

Førebygging er eit viktig prinsipp både for helsevesen, barnevern og arbeidsliv. Å følgje opp den enkelte på eit tidleg tidspunkt gjer at ein kan unngå mange problem. Meir fokus på tema vil kunne skape større openheit og forståing rundt sider av livet som er vanskelege.

Å pålegge lærarane endå fleire kompetansemål og krav til undervisninga er ikkje vegen å gå. I dei aller fleste fag har elevane meir enn nok med å kome gjennom pensum slik situasjonen er i dag. Ein kan difor ikkje forvente ytterlegare av lærarar som allereie tek mykje ansvar. Løysinga kan liggje utanfor den tradisjonelle undervisninga.

«Den kulturelle skulesekken» er ei godt etablert ordning i skulesystemet. Ho har sida 2001 formidla profesjonell og mangfaldig kunst og kultur til ungdom rundt om i heile Noreg. Tilbodet er utan karakterar og gjeld for aldersgruppa 6-19 år, altså elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Her har ein nytta seg av ressurspersonar utanfor skulen som kan spesielt mykje på sitt felt og som er gode formidlarar av bodskapen.

Same modell kan vere egna til å få satt livsmeistring på timeplanen. Gjennom nokre skuletimar i månaden vil elevane kunne få god undervisning i tema som angår dei i kvardagen. Samstundes har dei ein arena til å kome med spørsmål og eigne refleksjonar, kor ikkje faglege vurderingar står i fokus.

Kristeleg Folkepartis Ungdom i Nord-Trøndelag har gjennom hausten arbeida for å oppnå ei slik ordning i skulane. Fram mot kommune- og fylkestingsvalet 2015 vil denne saka truleg få merksemd i media og ulike politiske utval og organ. Målet er at skuleungdomane i fylket skal få meir kunnskap og tryggheit rundt eiga person, eigne val og eiga liv. Fleire politikarar og fagpersonar har uttrykt at dei er positive til dette.