PST er varsla om at eit ytterleggåande, ekstremistisk miljø via Facebook har oppmoda til fysisk sjøvforsvar mot islam.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks

Heimevernet (HV)

HV består av om lag 45 000 kvinner og menn med militær utdanning og bakgrunn

Desse er fordelt på elleve HV-distrikter organisert i 241 område og 15 innsatsstyrkar

HV fungerer som ein rask mobiliseringsstyrke og ressurs for Forsvaret

Kjelde: hv.forsvaret.no

LES FAKTALUKK FAKTA

PST skal ha starta undersøkingar i kjølvatnet av bekymringsmeldinga, skriv Dagsavisen og Hate Speech International (HSI).

– Vi kan ikkje kommentera enkeltsaker. På generelt grunnlag kan eg seia at vi har ei aukande uro knytt til islamfiendtlege miljø i Noreg, seier informasjonssjef i PST, Martin Bernsen.

LES OGSÅ: Ikkje berre krig og terror

Tek avstand
I Facebook-oppdateringa PST no ser nærmare på, heiter det mellom anna:

«Heimevernet kan være organisasjonen du går inn i for å gjøre ditt for i bekjempe Islam i Norge. De hører ikke hjemme her hos oss, og bør hjelpes til å forlate vårt land.» 

Mannen som skreiv dette legg til: «Ungdom og menn/kvinner med mot, under 50 år, bør kunne gjøre innsats i Heimevernet, med trening i selvforsvar og fra Forsvaret og Politiet, bør de kunne delta i organisert fysisk selvforsvar mot Islam.»

Leiinga i Heimevernet er kjend med saka.

– Vi tek avstand frå slike uttalar. Det primære oppdraget vårt er å verna menneske og viktige samfunnsfunksjonar. Vi vernar alle menneske, uavhengig av etnisitet eller religiøs overtyding, skriv pressetalsmann og oberstløytnant Nils Arne Skaret i Heimevernsstaben i ein e-post til HSI og Dagsavisen.

LES OGSÅ: Verneplikt for alle blir vedteke i dag

Motreaksjon
PST åtvara i den siste trusselvurderinga si mot at aukande rekruttering til ekstreme, islamistiske miljø kan bidra til ein motreaksjon frå høgreekstreme.

«Fremveksten av et aktivt ekstremt islamistisk miljø vil bidra til økt polarisering mellom ulike grupper i Norge, og kan etter hvert bli en av de viktigste årsakene til en mer alvorlig trussel fra høyreekstreme grupper her i landet», skreiv PST i trusselvurderinga. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE