– Samanslåingar skvisar nynorsken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reform skvisar nynorsken

Det viser ein ny rapport som Noregs Mållag har laga. Mållaget fryktar at kommunereforma enda ein gong kan bli ei bokmålsreform.

«Rapport om kommunereforma – frå Askvoll til Åseral», ført i pennen av Kåre Lilleholt og Jens Kihl, viser dei store konsekvensane kommunesamanslåingane i åra etter 1955 fekk for nynorsken og prøver å teikne eit bilete av kva vi kan vente oss av den kommande kommunereforma. Forfattarane kjem òg med framlegg om tiltak som kan dempe dei negative verknadene av reforma for nynorsken.

Mens Noreg i 1955 hadde 744 kommunar, var talet i 1972 redusert til 454. Nynorskdelen av desse vart likevel enda kraftigare redusert. Mens 39 prosent av kommunane i 1955 var nynorskkommunar (290), hadde prosentdelen i 1972 minka til 22 (98), går det fram av rapporten. I alt 142 nynorskkommunar fekk eit anna administrasjonsspråk etter samanslåinga.

– Mykje tyder på at nynorsken først og fremst forsvann der han allereie stod svakt i lokalsamfunnet, skriv Jens Kihl i rapporten.

Nynorsken mista gjennom reforma særleg fotfeste i Trøndelag, Nordland og på Agder, men òg i ein del bynære område på Vestlandet og i randsonene på Austlandet.

LES OGSÅ: Sanner vil ha tvungne samanslåingar i 2017

Byomlanda på Vestlandet
No som da ligg mange nynorskkommunar i randsona til kjerneområda høveleg til for samanslåing med kommunar som ikkje har nynorskvedtak. Rapporten peikar på nynorskområda rundt vestlandsbyane Molde, Ålesund, Bergen, Haugesund, Stavanger og Sandnes som særleg utsette. Det gjeld òg Nordmøre og dalføra på Austlandet og Sørlandet.

Rapporten peikar òg på at berre nokre få fleire språknøytrale kommunar i Rogaland og Telemark kan få språkpolitiske konsekvensar på fylkesnivået.

Leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, er redd for at mange nynorskkommunar kan ende opp nettopp som språknøytrale. For i praksis er dette som regel bokmålskommunar, meiner ho.

– Det vi ser frå den førre runden med kommunesamanslåingar, er at vi kan få mange språknøytrale kommunar, og at det for mange kan verke som eit godt kompromiss. Men i dag ligg det ingen ting i det språknøytrale. Det er ingen krav om å veksle mellom bokmål og nynorsk til dømes.

LES OGSÅ: – Identitet ikkje avhengig av kommunegrenser

Nye kommuneplikter
Rapporten tar til orde for ein revisjon av språklovgivinga som passar betre til den nye kommunestrukturen, mellom anna ved å gi dei tospråklege kommunane nye plikter overfor nynorskbrukarane, krav om ein desentralisert kommuneadministrasjon og nye reglar for inndeling av skulekretsar.

– Det er eit interessant poeng i rapporten at han peikar på at språklovgivinga ikkje er rigga for særleg store endringar i strukturane, seier Tennø.

– No er det utnemnt eit offentleg utval som skal sjå på kva kommunereforma kan bety for samisk, og denne rapporten er ei sped byrjing til ei tilsvarande utgreiing for nynorsk. Det er klart at vi ønskjer oss ei tilsvarande utgreiing om kva konsekvensane blir for nynorsken, seier ho og peikar på at språkmekanismane eigentleg er like for nynorsk og samisk.

Språkpolitisk medvit
Lilleholt og Kihl kastar fram fleire tiltak dei meiner kan hindre kommunereforma i å bli ei bokmålsreform:

* Språkpolitisk medvit må inn i reformarbeidet. Staten bør ikkje slå saman kommunar med ulikt fleirtalsmål.
* Lovkrav om språkbruksplanar i alle kommunar
* Revisjon av mållova, tilpassa ein ny kommunestruktur med større kommunar
* Betre statleg tilsyn med språkbruken på kommunalt og regionalt nivå
* Språkdelte klassar gjennom heile grunnskulen (Odda-modellen)
* Betre økonomiske vilkår for parallellklassar
* Ein ny modell for språkblanda kommunar – tospråklege kommunar – som tar omsyn til den lokale språkbruken i kommunen.

Marit Aakre Tennø trekkjer fram det språkpolitiske medvitet som det aller viktigaste.

– Eg trur det aller viktigaste er å tenkje seg veldig godt om før ein slår saman nynorskkommunar med bokmålskommunar eller med språknøytrale kommunar. Vi veit at nynorsken klarer seg best i område der nynorsken blir hegna om og mykje brukt, seier ho.

– No har òg regjeringa varsla ei ny språklov, og uavhengig av reformarbeidet synest eg forslaget i rapporten om å innføre krav om språkplanar i alle kommunar, er ein god idé.

Tennø har elles notert seg at kommunal- og forvaltingskomiteen har brydd seg meir om dei språkpolitiske verknadene av kommunereforma enn kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H), som har lagt opp til at kommunane «selv finner gode løsninger på språkutfordringene». Men det håper ho kan endre seg.

– Eg registrerer jo at Sanner dei siste månadene faktisk har byrja å nemne nynorsk i samband med kommunereforma, seier Mållags-leiaren.

QUIZ: Kor god er du på nynorsk geografi?

Faktaboks

Fakta: Kommunereforma

* Regjeringa skal innan 2017 leggje fram forslag til kommunereform og samanslåingar av dei 428 kommune vi har i dag.
* Målet er større kommunar og å overføre fleire oppgåver frå fylkeskommunane, fylkesmennene og staten til det lokale nivået.
* Våren 2015 får Stortinget eit framlegg om kva nye oppgåver kommunane skal ha.
* Kommunane har frist på seg til våren 2016 med å gjere vedtak om samanslåing.
* Regjeringa opnar for å bruke tvang overfor kommunar som ikkje vil slå seg saman, men som regjeringa ønskjer skal slå seg saman.
* Dei første samanslåingane kan skje 1. januar 2018, mens heile reforma skal vere på plass innan 1. januar 2020.
* Regjeringa tilbyr 20– 65 millionar kroner i eingongsstøtte til kvar kommune før samanslåinga og mellom 5 og 30 millionar i reformstøtte.

Fakta: Språkspørsmåla

* 114 av 428 kommunar har nynorsk som vedtatt bruksspråk, 156 er språknøytrale.
* I kommuneproposisjonen for 2015 sa regjeringa ingenting om nynorsk, men tok opp verknadene av reforma i det samiske forvaltingsområdet. Elles la departementet til grunn at «kommunane selv finner gode løsninger på språkutfordringene».
* Kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget bad i innstillinga si regjeringa om å gi nynorsken den same merksemda som samisk i samband med ei ny kommuneinndeling «slik at nynorsk som målform ikkje vert skadelidande som resultat av reforma».
* Komitemedlemmene frå Ap, Sp og SV meinte dessutan at staten må ha ein eigen strategi for å sikre at nynorsken ikkje kjem svekt ut av kommunereforma. (©NPK)