Dei som tok ut kapitlet om miljøindikatorane i statsbudsjettet, står friare til å forma ut ein politikk basert på blå og skyfri himmel med tjue grader i oktober ­– på Austlandet.

Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda og kommentator i Dag og Tid.
Jan Inge Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda og kommentator i Dag og Tid.

Kommentaren vart først publisert hos Dag og Tid.

I ei scene i Ringenes herre prøver Gandalf og fylgjet hans å koma seg over fjellpartiet Tåkefjella. Men når dei kjem opp i høgda, må dei snu. Fjellet Caradhras er motviljug og vil ikkje sleppa dei over og svarar dei med torevêr og ras. Slik er det hos Tolkien og i mytane: Naturen har medvit og vilje og reagerer på det menneska gjer og seier. Caradhras har ikkje tilgjeve oss, som Gandalf seier.

Om det var slik, og det trudde vi i våre samfunn heilt opp til 1700-talet, då vi innførde bots- og bededagar for å unngå brann og ulykker, då ville vêrlaget dei seinaste dagane vore ein treffande kommentar til statsbudsjettet. For det statsbudsjettet seier – i tal, om ikkje i ord – er at den miljømessige himmelen er aldeles skyfri og klar, som statsminister Gunnar Knudsen uttalte utpå sommaren 1914 – den gongen om utanrikspolitikken.

LES OGSÅ: Frå bibel til solceller

Aldri eins å sjå
I Romsdalen har Mannen mora seg med å løyna planane sine for dei fremste geologane i landet. Dei gamle fjell i syningom er framleis eins å sjå. Medan eg skriv dette. Men som lyrikaren Jon Tolaas ein gong skreiv, i vennleg opposisjon til Aasen: Dei gamle fjell i syningom er aldri eins å sjå. Dei skifter utsjånad frå time til time, og det hender også at dei skifter frå fjell til ur.

Når naturen spelar opp, fell vi fort tilbake i den mytiske tankegangen: Naturen slår tilbake, viser krefter, vil lære oss ei lekse. Som var naturen ein streng og aldrande lektor, som sette oss på plass når vi slumsa med grammatikken.
Men læra må vi nok gjera sjølv. Det gjeld også dei som skreiv statsbudsjettet, og som tok ut kapitlet om miljøindikatorane, som Gro Harlem Brundtland sette inn i si tid. Då står dei friare i å forma ut ein politikk som er basert på blå og skyfri himmel, med tjue grader i oktober – på Austlandet, i det minste.

LES OGSÅ: Nynorsk som fullverdig dataspråk

Skremde meteorologar
Men om ikkje naturen åtvarar, så tek meteorologane bladet frå munnen. Dette er skremmande, sa ein av statsmeteorologane, alt før det store flaumvêret hadde nådd Norskekysten. Det var meldt rekordnedbør i vest, og det var sommarvarme i aust, og datoen var slutten av oktober. Og så vart det skremmande, langt verre enn nokon hadde tenkt, NVE inkludert.

Og skal vi seia noko om naturen, så var han lunefull nok til å lokka alle journalistane opp til Romsdalen, medan herjingane kom i Hordaland og Sogn og Fjordane. Medan hus og heim gjekk på elva, stod Mannen majestetisk som før og fekk tilnamnet «seigmannen».

LES OGSÅ: Ta den, regjeringa!

Tolkingar
Ein klok og sindig aktør har vi sett i Lars Harald Blikra, som på eit tidspunkt lét seg lokka til å koma med ein litt for kontant prognose, men som snart forstod at han var på tynn is. Blikra kan meir enn å analysera ras, han veit at prognosar aldri blir heilt sikre, for vi har med naturen å gjera, som han uttrykte det. Det viser vitskapsteoretisk innsikt, i tillegg til fagkunnskap. Og hans kamp med målingane skapte ei utsegn som blir ståande: Dette fjellet er vanskeleg å tolka.

Det er vanskeleg å tolka, for det er vi som må tolka, naturen seier ingenting. Det er vi som må gjera jobben.

Men det er skilnad på kvalifiserte og ukvalifiserte tolkingar her også. Blikra gjorde tolkingar som ikkje slo til, der og då, men ukvalifiserte var dei ikkje, for dei bygde på stor kunnskap og lang røynsle.
Dei som har snekra statsbudsjettet, derimot, har tidt og ofte kome med heilt ukvalifiserte tolkingar. Sjølv i inneverande år, med rekordtemperaturar i nesten alle månader i året, og med sikker utsikt til varmerekord for året som heilskap, finst det folk som klamrar seg til miljøskepsisen og normale svingingar.

LES OGSÅ: Rapport frå eit absurd miljølandskap

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE