Jentene får framleis betre karakterar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får best karakterar

Jentene slår gutane både på grunnskulepoeng og karaktersnitt på eksamen og standpunkt, viser ein oversikt frå Statistisk sentralbyrå.

SSB-tala for 2014 viser at jentene i snitt fekk 42,4 grunnskulepoeng, medan gutane måtte nøye seg med 38,5. Samanlikna med i fjor har gutane auka grunnskulepoenga med 0,4. Jentene auka med 0,3.

Kjønnsforskjellane viser seg aller best i norsk hovudmål, der jentene i gjennomsnitt fekk standpunktkarakteren 4,2, medan gutane fekk 3,5. Også eksamenskarakterane i norsk hovudmål og sidemål viser ein klar forskjell – 0,6 karakterpoeng i favør jentene.

SSB-tala viser vidare at jo høgare utdanningsnivå foreldra har, desto høgare er også karaktersnittet og grunnskulepoenga til barna. Medan barn av foreldre med berre grunnskule eller inga fullført utdanning i gjennomsnitt fekk 33,9 grunnskulepoeng, var tilsvarande tal for barn av foreldre med universitets- og høgskulenivå over fire år 45,8.

Det er berre i kroppsøving at gutane fekk høgare karaktersnitt enn jentene.

Innvandrarbakgrunn tel òg: Innvandrarar frå Asia, Afrika og Latin-Amerka fekk 35,1 grunnskulepoeng, medan norskfødde med foreldre frå USA, Australia eller EU-land fekk 42,6 poeng. Elevar med norsk bakgrunn fekk 40,9 grunnskulepoeng. Samanlikna med året før gjorde elevar med innvandrarbakgrunn det betre.