Unge Venstre vil ha studiepoengmodell for elevar på vidaregåande.

Svein Olav B. Langåker

Landsmøtet til Unge Venstre gjekk i helga inn for store endringar i den vidaregåande skulen. I staden for ein læreplan med eit bestemt tal timar med ulike fag i veka, vil ungdomspartiet gje elevane større fridom til å setja saman fag som dei sjølv har lyst til.

– Me vil at elevane skal få setja saman timeplanen sin sjølv, og få høve til å velja fleire fag enn slik det er no. Eg meiner det vil gjera elevane betre førebudd på studietida enn dei blir i dag, seier leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit.

Partiet vil at alle skal ha basisfaga norsk, engelsk og matte. Utover dette skal dei få setja saman fag i større grad enn dei har gjort til no.

– Vi dette gjera utdanninga kortare eller lengre enn i dag?

– Dette er først og fremst ei fridomsreform. I utgangspunktet er det tenkt at utdanninga skal ta like lang tid som i dag, men det kan vera at nokon vel å bruka kortare eller lengre tid, seier Hustveit.

– Nær 30 prosent av elevane droppar ut av vidaregåande. Trur du dette forslaget vil gjera noko med fråfallet?

– Eg trur det kan gjera noko med det for nokon. Det vil gi fleire motiverte elevar, seier Unge Venstre-leiaren.

LES OGSÅ: – Den store taparen er neste generasjon

Elevorganisasjonen positiv
Politisk nestleiar i Elevorganisasjonen Kristoffer Hansen seier til Framtida.no at Elevorganisasjonen er positiv til nye tankar.

– Me er positive til alt som kan gi elevane større fleksibilitet og større valfridom. Me er med på laget for å så nærmare på dette, seier han, og understrekar at ein ikkje enno veit kva konsekvensar eit slikt forslag vil ha.

LES OGSÅ: Vil ha obligatorisk vidaregåande

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE