Stabile ekteskap med aborttilbod
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aborttilbod styrkar ekteskap
– Dei som fekk tilgang på abort som tenåring har redusert sannsynlegheit for å skilja seg, og dei er oftare gift. Dei var òg i mindre grad gift då dei var 25 år gamle, seier siviløkonom Eirin Mølland til forsking.no.
LES OGSÅ:Færre tenåringsabortar
To prosent færre skilsmisser
Mølland har i sin doktorgrad, som ho nyleg forsvarte ved Noregs Handelshøgskule, analysert korleis tilgang til abort på 60-tallet verka inn på kvinner si stilling på ekteskapsmarknaden.
Frå 1964 kunne kvinner søkja eigne abortnemnder om abort. Nemnda i Oslo var meir liberal enn i andre delar av landet.
Mølland har samanlikna kvinner som hadde tilgang på lovleg abort som tenåring, med dei som ikkje hadde den moglegheita.
Slik har ho funne at tilbodet hadde effekt på meir enn kvinners utdanningsnivå og deltaking i yrkeslivet.
LES OGSÅ:– Fleire vel abort grunna karriere
Færre pliktbryllaup
Resultata frå studien tyder på at ekteskapsstabiliteten har gått opp med innføringa av lovbestemt abort.
Skilsmisseraten var nemleg to prosent lågare blant dei kvinnene som i ungdommen hadde tilgang på fri abort.
– Før var mange av kvinnene nøydd til å gifta seg med barnefaren for å unngå sosialt stigma. Å kunne planleggja familie har gitt kvinnene moglegheit til å unngå såkalla shot gun weddings, seier Mølland.
Slik fekk kvinnene moglegheita til å være seksuelt aktive utan å risikera barn og uønskte ekteskap.
– Å utsetta førstegongsfødsel til kvinnene, aukar sjansen for at kvinnene finn Mr. Right, konkluderer Mølland.
Dermed minkar òg risikoen for skilsmisser.