Brukar 260 millionar på halloween
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette kostar 260 millionar
Handelsstanden har rett og slett skapt seg ein ny sesong. Han er servert oss på sølvfat frå amerikanske filmar, og både barn og butikkar har gripe han, seier direktør Bror W. Stende i Virke mote og fritid.
LES OGSÅ: "Lidt spiritisme" til halloween
50 kroner per person
I gjennomsnitt svarar summen til 50 kroner per nordmann, eller i underkant av 300 kroner per barn i alderen 4 til 15 år. Og det er barnefamiliane som er dei ivrigaste halloween-feirarane. Pengane går til kostyme, godteri og dekorasjonar.
– Nokre familiar brukar meir, medan andre brukar mindre eller ingen ting. Men det er eit faktum at det blir mykje vanskelegare, særleg for barnefamiliar, å ikkje ta stilling til halloween, seier Stende. (©NPK)
LES OGSÅ: Politiet seier nei til bruk av slike