Avviser samanslåing av høgskular

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avviser samanslåing

Det er hovudtilrådinga til direktør Jakob Kjøde jr. når styret for Høgskulen i Volda denne veka skal avgjere kva som er Høgskulen i Volda sitt syn på framtidig høgskulesturktur.

Det er Kunnskapsdepartementet som har bedt høgskulane kome med synspunkt på framtidig struktur for høgskulane og universiteta i landet. Møre og Romsdal fylkesting har alt kome med ei fråsegn der dei ber om ein felles høgskule for fylket.

I tilrådinga ber direktør Kjøde jr. altså om at styret sitt prinsipale syn er at Høgskulen i Volda skal vere sjølvstendig også i framtida. Men han ber styret også vedta andre alternativ dersom departementet set ned foten for ein sjølvstendig høgskule.

To alternativ

Dei to alternativa Kjøde ser føre seg er ei samanslåing av Høgskulen i Volda med Høgskulen i Sogn og Fjordane (Sogndal) eller ein felles høgskule for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Det vil også seie at Kjøde avviser at ein felles høgskule for Møre og Romsdal er eit godt alternativ.

Aller helst vil han altså at Høgskulen i Volda skal halde fram som no, men med eit meir formalisert samarbeid med andre om viktige profesjonsutdanningar, i første rekke lærarutdanningane.

– Vi ser mange kvalitetar ved HVO i dag, og vi har klart oss godt som sjølvstendig høgskule. Eit samla fagmiljø ved HVO ønskjer denne modellen. Men sidan føringane frå KD er sterke på at vi skal sjå for oss eit landskap med færre institusjonar, så har vi vurdert fleire moglege løysingar, kommenterer Kjøde jr.

Overlapp med Sogndal

Høgskuledirektøren forklarar i saksutgreiinga til styret at denne løysinga med å slå saman Høgskulen i Volda med Høgskulen i Sogn og Fjordane er kjenneteikna av stor grad av overlappande fagportefølje innafor velferdsutdanningane. I tillegg kjem nokre fagstudium, samfunnsfag og idrettsfag og friluftsliv. Nynorskprofilen er også felles for denne løysinga.

– Denne løysinga kan bidra til å styrke fagmiljøa innafor dei største profesjonsutdanningane våre – lærarutdanningane og sosialarbeidarutdanningane, seier Kjøde m.a.

Avviser «Høgskulen i Møre og Romsdal»

Han kan også tilrå ei samanslåing av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

– I denne modellen samlar ein både fagleg likskap og komplementaritet. Ein slik modell kan gi dei same fordelane som det førre når det gjeld lærarutdanningane, sosialarbeidarutdanningane og idrettsfaga. I tillegg kan den bidra til å skape større fagmiljø innafor teknologi/ingeniørfag, økonomisk/administrative fag og sjukepleie. Modellen kan føre til ein organisasjon som har eit breitt utdanningstilbod og gi ein sterk posisjon på den nasjonale utdanningsmarknaden. Nordvestlandet som region kan bli styrkt gjennom denne modellen, seier Kjøde jr.

Han avviser altså ei løysing med samanslåing av høgskulane i Møre og Romsdal, slik fylkestinget har bedt om i si fråsegn.

– Modellen kan føre til ein organisasjon som har eit breitt utdanningstilbod og gi ein styrka posisjon på den nasjonale utdanningsmarknaden. Men det er vanskeleg å sjå at ein slik modell vil styrke fagmiljøa ved HVO med unntak av mastertilbodet innanfor helse- og sosial, seier Kjøde jr.

Les saka i Møre-Nytt!