Fryktar ei utarming av bygdene

Ordførarane i Ottadalen er krtitiske til regjeringa sitt forslag om å oppheve konsesjonslova og buplikta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa vil ha fri omsetjing av gardsbruk, fri prissetjing og inga buplikt. Forslaget er nå ute på høyring med 15. januar 2015 som frist til å koma med uttale.

I dag er det berre Vågå som har null-konsesjon i Ottadalen. Lom og Skjåk har berre konsesjonsplikt for landbrukseigedommar.

Ordførarane i Ottadalen meiner forslaget vil svekke både landbruksnæringa og busetjinga i distrikta. Lomsordførar Bjarne Eiolf Holø som også er nestleiar i regionrådet for Nord-Gudbrandsdal, meiner at denne saka er såpass viktig at han vil oppfordre til ei regional uttale til forslaget.

– Dette handlar ikkje berre om å sikre lokalt eigarskap, men også nasjonalt. Dersom dette skulle gå gjennom vil det opne for at storkapitalen kjøper opp gardar og eigedommar, og vi vil få eigarar som sit langt unna bygdene våre, seier Holø. Han fryktar at forslaget på sikt vil tømme bygdene for innbyggjarar.

– Dette forslaget fører oss attende til ei tid eg trudde vi var ferdige med. I år har vi markert at det er 200 år sidan vi fekk vår eiga grunnlov og framveksten av vårt folkestyre og bort frå å bli styrt av adel og andre rike borgarar. Regjeringa vil tydelegvis at vi skal attende til at folk flest skal gå med lua i handa at, seier Skjåkordførar Rolv Kristen Øygard.

– Vågå har gjennom tid vore kontakta av folk som ynskjer seg småbruk som feriestad. Dette har vi kontrollert gjennom null-konsesjon og krav om buplikt, seier Vågåordførar Iselin Jonassen. Ho seier at dersom ho hadde fått bestemt skulle det vore ljos i alle vindauge, røyk frå alle piper og dyr på alle gardar.

– Dette er ei utarming av landbruket og distrikta, seier Iselin Jonassen.

LES SAKA I FJUKEN!