Vil ha nynorsk i alle fag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ser at mange byter frå nynorsk til bokmål. Det er ei utvikling Venstre ønsker å snu. Vi bør gjere kva vi kan for å behalde språkmangfaldet, meiner Venstre-politikar Eirik Tangeraas Lygre.

Tidlegare i år skreiv Tangeraas Lygre ei særoppgåve der han fokuserte på språkskifte i saudaskulen. Han fann då ut at svært mange i klassen han undersøkte hadde gått over frå nynorsk til bokmål i løpet av skuletida.

– Frå i underkant av 100 prosent nynorskbrukarar i første klasse til rundt 45 prosent ved utgangen av vidaregåande skule, forklarer han.

Eirik Tangeraas Lygre meiner den påviste utviklinga er kritisk og at det trengst meir politisk vilje for å endre ho.

– I Venstre vil vi mellom anna gå inn for at ein, så langt det er muleg, unngår å blande nynorsk- og bokmålselevar i same klasse, ha meir og medviten språkbruk i barnehage og skule, styrke nynorsk-elevar sin rett til å få undervisning, prøvar og materiell på deira hovudmål, aldri ta inn skulebøker som bare er trykte på det eine målet, gjere sidemålseksamen på VG3 obligatorisk og halde fram med jamstilte standpunktkarakterar, slik at ikkje elevar byter av taktiske grunnar, argumenterer han.

LES SAKA I RYFYLKE!