– Struper Innovasjon Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mæland sende fredag ut på høyring eit lovforslag som gir Innovasjon Noreg frie taumar til å kutte ut lokalkontor og regionale styre. Næringsministeren opnar også for at fylkeskommunane kan miste eigarskapet i selskapet.

– Det vil vi åtvare mot. Eit heileigd statleg selskap vil vere å gå i feil retning. Ein del av suksessen til Innovasjon Noreg ligg nettopp i lokal nærvær. Det er lokal tilknyting som har gjort det til eit godt reiskap for nyskaping, seier Senterpartiets Geir Pollestad, leiar av Stortingets næringskomité, til NTB.

Ikkje sentralisering

Pollestad skuldar regjeringa for å legge til rette for meir sentralisering, noko Mæland avviser på det mest bestemte.

– Dette er ikkje eit forsøk på sentralisering. Innovasjon Noreg er og skal vere i heile landet, men må få fridom til å innrette seg slik selskapet meiner er best. I dag blir det veldig detaljstyrt av lovverket, seier ho til NTB.

I dag krev lova at selskapet skal ha 15 regionale styre. Mæland vil fjerne dette kravet og la styret sjølv bestemme korleis Innovasjon Noreg best kan organiserast. Det kan innebere færre, meir spesialiserte styre.

– Det å gjere ulike regionar til ekspertar på ulike tema, i staden for at alle skal kunne det same og gjere det same, er ei moglegheit, forklarar Mæland.

– Innovasjon Noreg har utvikla seg gjennom ti år. Selskapet gjer veldig mykje bra, men har ein organisasjon med 20 eigarar, 42 ulike oppdragsgjevarar, 15 regionale styre og eitt hovudstyre, fortset ho.

LES OGSÅ:Innovasjonsboom

Opnar for færre eigarar

I dag er Innovasjon Noreg eigd av staten og dei 19 fylkeskommunane. Mæland ber no om innspel til om ordninga bør vidareførast, eller om ein heller bør ha staten eller staten og to fylkeskommunar som einaste eigarar.

– Det ligg i sakas natur at vi inviterer styret til å få meir handlingsrom og ein meir effektiv organisasjon, seier Mæland.

Høyringsinstansane, som inkluderer fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og relevante fagforeiningar, har frist til 19. desember med å komme med innspel til lovforslaget.

– Så må vi lese dei innspela vi får. Eg trur vi får ein spennande og nødvendig debatt med mange ulike synspunkt, seier statsråden.

Næringsdepartementet eig 51 prosent og fylkeskommunane 49 prosent av Innovasjon Noreg. Føremålet til selskapet er å bidra til etablering av nye bedrifter og sikre at dei har gode føresetnader for å overleve i marknaden. (©NPK)