Vil bli fagarbeidar
Den 19 år gamle TIP-eleven Stein F. Storeide får prøve seg i to veker ved Ulstein verft si avdeling på Fiskå.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Artikkelen vart først publisert hos Vikebladet Vestposten
19 år gamle Stein F. Storeide frå Fiskå er 2. års TIP-elev ved Herøy vidaregåande skule. I to veker er han utplassert ved Ulstein Verft si avdeling på Fiskå, der han får prøve seg i praktisk, industrielt arbeid før han må tilbake til skulebenken. For tida er det modular til det største skipet nokon sinne frå Ulstein Verft, eit offshorekonstruksjonsskip for Island Offshore og Edison Chouest Offshore, som vert produsert ved avdelinga.
LES OGSÅ: Unge ser ned på yrkesfag
Over heile landet ropar industrien etter gode fagarbeidarar, og Stein er godt i gang med ei slik utdanning. Han ynskjer å verte sveisar eller platearbeidar, men kanskje aller helst sveisar. Denne veka får han mellom anna opplæring av platearbeidar Sølvi Nygård ved Ulstein Verft avdeling Vanylven.
– I løpet av desse to vekene skal Stein få eit innblikk i kva vi driv med. Han skal få prøve seg på sveising, brenning og ikkje minst teikningsforståing. Vi byggjer seksjonane opp-ned, og det er viktig å lære seg kva som er framme og bak og styrbord og babord, understrekar ho.
Meir å lese: Ulsteinselskap med viktige bidrag til årets skip
– Teikningsgrunnlaget har vorte heilt enormt. Då eg tok til i 1980, arbeidde vi ut frå éi teikning per seksjon. No er vi oppe i heile åtte teikningar per seksjon, understrekar ho. Etter å ha bygd seksjonar vert dei sette i hop til modular, før dei vert skipa av garde til verftet i Ulsteinvik og sette i hop til eit heilt skip.
– Dette er svært lærerikt, fortel Stein, i det han gjer klar skjerebrennaren og tek på seg rette sorten vernebriller.
19 år gamle Stein F. Storeide frå Fiskå er 2. års TIP-elev ved Herøy vidaregåande skule. Foto: Ulstein Group
LES OGSÅ: – Kjempestort behov for utdanninga vår
Avdelinga i Vanylven skal produsere ein monaleg del av stålvolumet til dette største skipet i Ulstein Verft si historie, og det er svært hektisk aktivitet. Skipet skal utstyrast med ein stor hovudmoonpool (opning i skroget) for å senke ned utstyr til havbotnen, og to mindre moonpoolar for å sette ned fjernstyrte miniubåtar. Dei ‘mindre’ moonpoolane ruvar godt i produksjonshallen på Fiskåholmen, ferdig samansett som modul har dei ei indre opning på heile ni gongar ni meter.
Meir å lese: – Vi satsa til heilt rett tid
Det er TIP-linje både i Syvde og Fosnavåg, men sidan der ikkje var nok søkjarar til Syvde, går Stein på skule i Fosnavåg saman med 26 andre TIP-elevar.
– Vi bur midt i verdas sentrum for bygging og drift av skip. Det er svært viktig å kunne tilby god fagarbeidarutdanning lokalt for å kunne bevare kunnskapar og kontinuitet i næringa og sikre framtidig rekruttering, understrekar Alf Olger Dypvik, avdelingsleiar på TIP.
– Eg er svært takksam for at bedriftene stiller seg så positive til slike elevutplasseringar, seier han vidare. – Det er ei unik moglegheit for elevane våre at dei får kome ut i arbeidslivet. Mange får si første arbeidserfaring gjennom desse utplasseringane, og dei får samstundes profilert seg mot aktuelle arbeidsgjevarar.
LES OGSÅ:– Lærligar er ei investering i framtida
Meir å lese: Årleg omsetning på over 600 millionar kroner