25 år etter «Tilbake til fremtiden II» er det blitt verkeleg.

Framtida.no
Framtida.no

I spelefilmen «Tilbake til fremtiden II» frå 1989 brukte hovudfiguren Marty McFly eit flygande rullebrett på tidsreise – ein «hoverboard». No er flygebrettet her endeleg.

Oppfinnarparet Jill og Greg Henderson har laga eit skateboard som svever over to-tre centimeter over bakken. Det skjer ved hjelp av magnetisme, og derfor verkar brettet berre på leiande overflater, slik som kopar.

Moroa varer likevel ikkje så lenge av gongen. Batteriet går tomt på eit kvarter. Og prisen er ikkje billegg: rundt 65.000 kroner, ifølgje nettstaden Kickstarter.

Produsenten Hendo har òg planar om å byggja ein eigen flygebrettbane med overflatar som eignar seg til bretta.

LES OGSÅ: Dette toget kan gå i 1200 km/t

Inspirert av jordskjelv
Ifølgje New York Times blei Greg Henderson inspirert til å laga flygebrett-teknologien etter det store jordskjelvet i California i 1989. Han tenkte då at om bygningar kunne sveva over bakken, ville det ikkje bli så store øydeleggingar under eit jordskjelv. Henderson innrømmer at arbeidet med flygebrettet er ein del av pr-stunt for produkt retta mot byggjeindustrien.

– Viss ti personar oppdagar at det kan vera ein annan bruk av denne teknologien, så er det blitt ein stor suksess, seier han til avisa.

Første gong ein tok i bruk sveveteknologi var i eit tog i Hamburg i 1979. Verdas raskaste tog, Maglev-toga, bruker i dag denne teknologien.

LES OGSÅ: Lyntog tar over på den transsibirske

Slik såg flygebrettet ut i «Tilbake til fremtiden II»:

Sjå produktfilmen til flygebrettet her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE