Språkdirektøren søkjer ny jobb


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vonen ønskjer ikkje å bli intervjua, men stadfestar at han har søkt ny jobb og opplyser dette til NRK:
– Den stillinga som er utlyst ved Universitetet i Oslo er den første faste vitskaplege stillinga innan mitt fagfelt på fleire år, medan stillinga i Språkrådet er ei åremålsstilling.
LES OGSÅ: Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk
Tilbake til lingvistikk
Vonen har hovudfag i lingvistikk, og stillinga han har søkt ved Universitetet er innan allmenn lingvistikk.
Språkdirektøren ønskjer ikkje å kommentera om kva som skjer viss han får den nye jobben, men seier han i utgangspunktet ikkje ønskjer å forlata Språkrådet. Åremålet som språkdirektør går ut i 2017.
Styreleiar i Språkrådet Ottar Grepstad ønskjer heller ikkje å kommentera nyheita om at språkdirektøren har søkt ny jobb.
– Kva han gjer den dagen han eventuelt får eit tilbod, får vi vurdera den dagen. Utover det har eg ingen kommentar, seier han.
QUIZ: Språkdirektørens teiknspråkquiz
Omstridd tilsetjing
Vonen blei tilsett som språkdirektør i februar 2011 etter Sylfest Lomheim. Tilsetjingsprosessen var lang og omstridd. Åremålet til Lomheim gjekk i utgangspunktet ut ved nyttår 2010, men blei forlengd to gonger fordi dåverande kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) og styret i Språkrådet var usamde om kven som skulle ta over.
Den kontroversielle saka førte mellom anna til at fire av sju styremedlemmer trekte seg, og stillinga blei lyst ut på nytt. I den siste søknadsrunden var det til saman tolv søkjarar.