Det er mogleg, skriv Miljødirektoratet i si pressemelding.Dei snakkar om togradersmålet – det litt ulne omgrepet definert av FN. I korte trekk handlar det om å stansa global oppvarming – og med eit nytt kunnskapsgrunnlag meiner Miljødirektoratet at målet er innan rekkevidde.

LES OGSÅ: Meiner selskap tek større klimaansvar

Kraftige kutt
For å nå togradersmålet er kutt i CO²-utsleppa eit viktig steg på vegen – det har og klimapanelet til FN konkludert med. Utsleppa må faktisk kuttast med så mykje som 40-70 prosent, ned til ein stad mellom 1,5 og 3,1 tonn CO² per innbyggar i 2050, heiter det i pressemeldinga frå Miljødirektoratet.

Det betyr ei kraftig omlegging her i Noreg – som ligg på rundt 10 tonn CO² på eit år. Det er likevel eit mål me kan nå, meiner miljødirektør Ellen Hambro.

– Analysen vår illustrerer at det vil vera mogleg for Noreg å redusera utsleppa mot 2050 ned til mellom eitt og to tonn CO²-ekvivalentar per innbyggar i 2050, seier ho i pressemeldinga.

LES OGSÅ: – Omstillinga må starte i dag

Litt hjelp på vegen
Det er nokre hindringar på vegen, og ein del ting som må klaffa for at målet skal bli nådd. Mellom anna trengs det gjennombrot i prosessteknologien, karbonfangst- og lagring, elektrifisering av omtrent alle offshorefelt som endå produserer i 2050, fleire lågutsleppskøyretøy og stor utbygging av kollektivtransport. Det trengst og eit anna fokus på produksjon og forbruk av mat, samt drahjelp frå andre land, ifølgje pressemeldinga.

– Me er blant anna avhengige av at land som produserer bilar utviklar ny teknologi. Samstundes kan Noreg bidra med på påverka etterspurnaden, slik me har gjort med elbilar, seier Ellen Hambro.

LES OGSÅ: – Det vart fort mykje større enn me trudde

Det me veit frå før
Rasmus Hansson, stortingsrepresentant for Miljøpartiet De Grønne, meiner kunnskapsgrunnlaget er bra – men at det ikkje er rapportar det står på.

– Miljødirektoratet har lagt frem endå ein grundig rapport i den endelause rekka av rapporter og utgreiingar om korleis norske klimagassutslepp kan reduserast. Samstundes auker utsleppa framleis, og regjeringa legg opp til ei vidare auke i 2015. Ellen Hambro & co må snart bli leie av å legga fram råd som ikkje blir fulgt, seier Hansson. 

– Den viktigaste konklusjonen er at det er politisk vilje det står på. Vil me, eller ikkje? Regjeringa vil ikkje, legg han til. Hansson ser spesielt på forslaget til Statsbudsjettet som eit teikn på manglande vilje.

– Der er det eit par bra enkelttiltak, men ingen samla, forpliktande mål om utsleppskutt. Hadde andre budsjett blitt sett opp på same måte hadde det blitt ein heftig ballade. Set ein opp eit budsjett for olje- og energidepartementet som seier dei skal tena ein del pengar, og bruka ein del pengar, utan å sei kor mange kroner det faktisk dreier seg om ville jo folk sei det var useriøst.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vera klimaoptimist

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE