Mindre etnisk diskriminering

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Diskriminering på grunnlag av etnisitet og seksuell legning er dei vanlegaste formene for diskriminering i Europa, ifølgje Special Eurobarometer. Europabarometer er laga av Europakommisjonen og måler folkeopinionen i EU-landa.

LES OGSÅ: Hjelper romfolk – i Romania

Samanlikna med 2009 er det færre europearar som meiner at personar med nedsett funksjonsevne i utbreidd grad vert diskriminert. Det same gjeld diskriminering på bakgrunn av kjønn.

Eit fleirtal, tre av fire, meiner at romfolk er særleg utsett for diskriminering. Og samanlikna med kor godt europearane meiner generelle tiltak mot diskriminering verkar, er dei langt meir kritiske til kor godt tiltak retta særleg mot romfolk verkar.

LES OGSÅ: Moralisme på tomgang

Litt under ein tredjedel trur at innbyggjarane i eige land er komfortable med at borna deira har klassekameratar med rombakgrunn. Halvparten meiner samfunnet hadde tent på betre integrering av romfolk, medan ein tredjedel ikkje trur at betre integrering ville gagne samfunnet. Respondentar som kjenner nokon med rombakgrunn, sjølv høyrer til ein etnisk minoritet, har høg utdanning eller står til venstre politisk, er mest einige i at betre integrering er viktig.

LES OGSÅ: – Valet er mitt