Ein amok encyclopedi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske forfattarar har ein miljøorganisasjon som heiter Forfatternes klimaaksjon §112. Den vart starta for snart to år sidan, og har hatt opplesingsaksjonar i samband med stortingsvalet 2013, og ein pågåande og sake skriftaksjon; ei nettside som samlar inspirerande, mobiliserande og/ eller vekkande stoff om det å vere menneske på kloden i dag. Og direktøren for det heile er bokaktuelle og kritikarroste forfattar, og tidlegare styreleiar av Norsk Forfattersentrum, Line Baugstø. Ho har tatt over leiarstillinga i ei spennande tid; berre månadar før den såkalla synteserapporten kjem frå FN. Rapporten samlar og jamfører alle tidlegare klimarapportar frå FN.

LES OGSÅ: – Helvete sel ikkje

– Vi ønskjer å invitere rundt 20 forfattarar til å tolke FN-rapporten på sin måte, og skrive om dei aktuelle klimaspørsmåla i eit litterært språk. Vi har óg planar om å arrangere ein skrivedugnad for forfattarar og ungdom på ein klimafestival ved årsskiftet, fortel Baugstø, som jobbar opp mot barn og unge på andre måtar óg:

– Den planlagde skrivedugnaden er eit samarbeidsprosjekt med ungdomsorganisasjonen Spire og Nynorskens Hus. No i haust er vi med på å arrangere ein landsomfattande skrivekonkurranse om miljøspørsmål for alle landets niandeklassingar. Premien blir eit skrivekurs med profesjonelle forfattarar. Her samarbeidar vi med Foreningen Les! og Norsk Forfattersentrum. I det hele tatt synest eg FKA har vore flinke til å finne gode samarbeidspartnarar, seier Baugstø, om kva som skjer mellom litteratur og naturvern, og FKA og unge. Menkvifor engasjerer forfattarane seg i klima og naturvern? Og kan det verkeleg vere sant og så godt, som at det finst gode, vaksne der ute som vil redde verda? For å komme til kjernen av FKA, går eg til han som i sin tid hadde ideen om aksjonen, og starta han i 2013:

Kven er menneska til å tru at vi står over?
Espen Stueland (1970) er essayist, forfattar, tidsskriftredaktør og ein verbal miljøaktivist. Han ønskjer rett og slett å redde verda. I tillegg er han ein forfattar som debuterte som 22-åring med ei diktsamling. Sakte dans ut av brennande hus var byrjinga på eit mangfaldig forfattarskap, Som essayist har han teoretisert, drøfta og reflektert rundt spørsmåla om natur. Som skjønnlitterær forfattar har han óg drive poetisk praksis. Då han og forfattarar som Freddy Fjellheim, Tone Hødnebø og Line Baugstø ville gjere miljøspørsmål til ein del av Forfatterforeningens litteraturpolitiske arbeid, kom Forfatternes Klimaaksjon til live. FKA meiner at forfattarar har eit særleg ansvar og rolle i arbeidet for miljøet. Det fortel Stueland om i eit framlegg på Oslo Internasjonale Poesifestival:

– Naturvitskapen fortel korleis verden er, ikkje korleis vi skal leve liva våre. Det er nettopp her litteraturen kan gå vidare, ved på ein eller annan måte gjere merksam på at samfunnet, økonomien og levestilen får alvorlege konsekvensar. Å ta konsekvensane av at vi inngår i økosystemet, er å innrømme ansvar, seier Stueland, som i dette framlegget står på sine eigne skuldrer, og utviklar vidare idear han presenterte i ein kronikk i Klassekampen i mars i fjor. Han hevda at å gi stemme til det som ikkje har stemme er eit av litteraturens eldste motiv. Det er óg grunntanken i inkluderande, økologisk etikk:

– Kva konsekvensar får det for naturen at mennesket opplever seg som ein del av økosystemet på kloden? spør Stueland, og svarar med historikken til temaet: Med ei utlegning om opplysningstid og romantikk, darwinisme – og ikkje minst etikken.

 LES OGSÅ: Vil vekke miljøparagraf 110b til live

Om å gjere det rette
Stueland sett opplysningstid opp mot romantikk, og kommande Darwinisme, kausalitet mot den meir empiriske orienterte forskinga.

– Naturvitskapen seier korleis verden er, ikkje korleis vi erfarer den eller skal innrette våre liv. vitskapen er ikkje etisk. Som Albert Einstein skriv i ein tekst om naturvitskapen og etikken: det er ikkje plass til kjensler i den vitskaplege tenkemåten.

Kva er det med litteraturen og kunsten som gjer at den går unna etiske vurderingar – vurderingar som naturvitskapen må stå til rette for? Ressursbruken vår, hevdar Stueland. Han meiner at skjønnlitteraturen kan gi medvit og kunnskap om kva alternativ ein har. I den nest siste boka si, Gjennom kjøttet. Disseksjonen og kroppens kulturhistorie, viser Stueland koplinga mellom medisin og kunstformar som biletkunst og litteratur. Eit døme er omgrepet «å komme under huda på nokon», som Stueland sporar attande til disseksjon. Slik møter din kropp – kulturen:

– Naturen renn gjennom kroppen. Språket viskar ut ulikskapen mellom det indre og ytre, seier Stueland. Forfattarar løyser opp grensa mellom kropp og ytre verd. For døme på dette, les debutanten Frøydis Sollid Simonsen, eller nestorane  Torild Wardenær, med Psi, og Øyvind Rimbereids Solaris Korrigert eller Herbarium. Stueland siterer elles Eldrid Lundens Mammy Blue

– Kroppen er ikkje noko anna enn den verda eg-et observerer. Det betyr at eg-røynsla sjølv er overgang, mellomstadium. Identitet er alt anna enn solid, uimottakeleg, stabil.

Har i grunn alltid visst/ om andletet der nede på djupt/ blått vatn. Sist vi møttest/ skjedde det noko. Det var så godt/ som ingenting.

(Frå Mammy, blue (1977))

LES OGSÅ: Poetar bloggar seg over fjellet

Stueland er ikkje berre ein fin poet, ein belest og kunnskapsrik essayist, men er, som forfattar, på mange måtar vendt til ungdom. Det er ikkje minst i eigenskap av å sjølv ha mykje av det unge i seg; i sitt glødande engasjement, og urokkelege idealisme. Det bidrog til at Klimaaksjonen har treft breitt, og har medlemmar i mange aldersgrupper. Då Line Baugstø tok over Klimaaksjonen vart det eit ytterlegare fokus på barn og ungdom. Dei satsar no på å få til den omtalte skrivedugnaden ved årsskiftet – der unge – kanskje du – får møte etablerte forfattarar, mentorar, til ein dugnad med og av tekst. Tema: Miljø og klima.

– Kan unge melde seg på direkte?

– Nei, vi vervar deltakarar gjennom Spire, seier Baugstø, og legg til eit lite førehald om at det blir noko av dugnaden:

– Igjen er vi avhengig av pengar, så vi krossar fingrane.

Krossar fingrane, men skriv og skriv. Og skrifta, den kan ein lese på FKA sine nettsider Forfatternesklimaaksjon.no.