Kamp om karrierane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Eg trur ikkje det er vanskeleg for studentar å få jobb i Noreg i dag, i forhold til i korleis situasjonen er i andre land, seier Fanny Stenmarck, leiar for Karrieredagen på Norges Handelshøyskole (NHH).

Karrieredagen gjekk av stabelen torsdag førre veke. I mange år har bedrifter strøyma til Karrieredagen og betalt for å sette opp stand på NHH. Fanny Stenmarck fortel at det i år var 76 norske og ni internasjonale bedrifter tilstades på høgskulen denne dagen.

Over alt vrimla det av håpefulle studentar, som vandra rundt på dei mange standa. Gratis kaffi, overfylte twistskåler og gode råd blei servert over ein lav sko.

– Karrieredagen er ein relasjonsarena for å kople næringslivet og studentar, fortel Stenmarck.

LES OGSÅ: Treng 60.000 fleire lærarar i 2030 

Nedgangstider
Sjølv om NHH syda av aktivitet denne dagen, trur dagleg leiar på Karrieresenteret, Rønnaug Tveit, at vi kjem til å sjå ein forandring i arbeidsmarknaden framover.

– Det er noko strammare tider no, og det er forventa litt høgare arbeidsløyse, seier Tveit.

Ho fortel at det finst teikn på at det blir vanskelegare for nyutdanna å komme ut i arbeid i tida som kjem, men understrekar at det neppe er fare for full jobbtørke. Ho ser at det har blitt fleire realfagstudentar som oppsøker Karrieresenteret i det siste, noko som kan tyde på at den gode arbeidsmarknaden for desse studentane er i endring.

– Når leiande bransjar strammar inn, blir det kjedereaksjonar. Dette ser vi spesielt innan olje og gass, seier Tveit og legg fram Statoil som eit eksempel.

LES OGSÅ: – Styr unna hobbyen som yrke 

Framleis populær
Ifølgje NHH si arbeidsmarknadsundersøking, som blei lagt fram i vår, får 75,9 prosent av alle NHH-studentar arbeid før endt studium. Anette Dybvik er ei av desse. Ho går siste året på NHH, og har allereie fått jobb i EY (tidlegare Ernst & Young). 

– Det er tøffe tider i marknaden, men det kan virke som om NHH framleis er populært blant arbeidsgivarar, seier Dybvik.

Drøymen om framtida
Solveig Bersås er ein av NHH-studentane som vandrar rundt på høgskulen denne dagen.

– Eg ønsker å jobbe internasjonalt, kanskje innan energi, shipping, fiske, sjømat. Gjerne i Asia eller Sør-Amerika, legg Bersås til.

Ho kan tenke seg å jobbe i konsulentbransjen, noko Susanne Gravdal også vil. Ho studerer på NTNU, og er på karrieredagen for å bli kjent med ulike bransjar.

Dei siste åra har bedrifter stått i kø for å få vere med på Karrieredagen på NHH. Rønnaug Tveit trur at studentane likevel må ta ansvar for eiga karriere

– Dei fleste arbeidssøkande må banke på dørene sjølv, seier karriererådgjevaren.

LES OGSÅ: Ein av tre kjenner ikkje til kommunale yrke 

– Ver deg sjølv
Anette Dybvik, sisteårsstudenten som allereie har sikra arbeidsplass frå neste år, har nokre tips til andre studentar som leitar etter jobb.

– Start å sjå etter ulike selskap. Vel bransjar som har litt forskjellig, der du ikkje låser deg til noko. Finn ut kven som jobbar der, og ta kontakt. Høyr med andre studentar kva dei har gjort. Finn ut kva du kan tilby, seier Dybvik.

Ho legg til at den personen bedriftene ser på intervju er den dei skal ansette, og at det derfor ikkje nyttar å late som om ein er nokon andre på intervju.

– Ver deg sjølv, oppfordrar Dybvik.

Saka var først publisert i Studvest. 

Faktaboks

 Tips til jobbjakta

Karrieretips frå Idar Nestaas, karriererettleiar på Karrieresenteret

  • Finn jobbene som ikkje blir utlyst på t.d. finn.no. Opp mot 50 prosent blir ikkje annonserte.
  • Knyt nettverk.
  • Vær aktiv på LinkedIn.
  • Tenk på kor kompetansen din kan nyttast.
  • Ver tidleg ute.