Ein av tre kjenner ikkje til kommunale yrke

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjenner ikkje til kommunale yrke

Dette syner tal Kommunenes Sentralforbund(KS) har henta inn. Sjølv om dei ikkje kjenner skilnadane, ser mange av 10. klassingane på kommunale yrke som aktuelle. Ifylgje undersøkinga kan mange tenkje seg å jobbe som helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege og ingeniør.

I dag jobbar 17,7 prosent av alle landets sysselsette i kommunane. Dei største yrkesgruppene jobbar som lærarar i skulen og sjuke- og hjelpepleiarar.

Ikkje reinhaldsarbeidar
Ingeniør var det mest populære av dei kommunale yrka i undersøkinga, og heile 46 prosent av dei spurte ser på dette som eit aktuelt yrke. Deretter kjem rådgjevar/sakshandsamar og lege, som høvesvis 39 og 24 prosent ser på som aktuelle yrke.

KS ser på dette som gode nyhende, då ingeniørar er av det dei ser på som mest vanskeleg å rekruttere.

På andre enden av skalaen kjem reinhaldsarbeidar som 72 prosent av dei spurte ser på som ”veldig uaktuelt” yrke. Følgd av vaktmeister og helsesyster, som høvesvis 66 og 50 prosent vurderar som veldig uaktuelle.

KS peikar og på at undersøkinga speglar tradisjonelle kjønnsrollemønster. Jentene ynskjer i større grad enn gutane å verte sjukepleiar, lærar eller helsesyter. Medan gutane kan i større grad kan tenkje seg yrke som ingeniør eller brannkonstabel.

Spanande arbeidsplass
Sjølv om over 60 prosent av 10. klassingane ikkje kjenner skilnaden mellom privat og offentleg sektor, har dei som kjenner den i liten grad sterke preferanse om kva sektor dei vil jobbe i. For 63 prosent av denne gruppa spelar det ingen rolle om dei jobbar i privat eller offentleg sektor, medan 20 prosent helst vil jobbe i det private og 15 prosent helst vil jobbe i det offentlege.

KS-direktør Sigrun Vågeng tykkjer det er viktig å vite kva ungdommane tenkjer om  å jobbe i kommunal sektor.

– Viss vi ikkje klarer å vise 10. klassingane at kommunesektoren er ein spanande plass å jobbe, vil delen med eldre arbeidstakarar i kommunane stadig auke. Vi treng også å få ungdommane til å ta fleire utradisjonelle val, seier Vågeng til Kommunal Rapport, og viser til den store kvinnedelen i kommunesektoren i dag.