Oslo Unge Høgre slaktar nynorskforslag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slaktar nynorskforslag

Oslo Unge Høgre er slett ikkje einige i Oslo Ap-nestleiar Khamshajiny Gunaratnam sitt forslag om å ha halve pensum i Oslo-skulen på nynorsk. 

– Veldig mange elevar slit med å lese og skriva sitt eige hovudmål, då er det meiningslaust at ein skal blande inn sidemål. Det kan føra til at enno fleire slit med korrekt rettskriving, seier Jenny Clemet von Tetzschner, leiar av Oslo Unge Høgre, til Osloby.

LES OGSÅ: – Smakar av valtaktisk populisme

Sidemålshælen
Tetzschner tek til orde for å fjerna skriftleg sidemål frå skulen og droppe både sidemålskarakter og sidemålseksamen, for at elevane skal konsentrere seg fullt ut om hovudmålet sitt.

Sidemål bør verte ein del av norskfaget på linje med gamalnorsk og norrønt, meiner Tetzschner.

– Det er veldig synd om kloke hovud og ungdommar som er kjempedyktige vert hindra frå å kome inn på den vidaregåande skulen, eller det studiet, dei ønskjer fordi dei har ein dårleg sidemålskarakter.

LES OGSÅ: – Ikkje ein gong valfritt sidemål, Høgre?

La dei velje
Unge Høgre-politikaren får støtte frå Frp-politikar og stortingsrepresentant Aina Stenersen, som meiner forslaget om at halve pensum skal vere på nynorsk er håplaust.

– I Oslo-skulen har me eit veldig stort problem med mykje fråvær og mange minoritetsgutar som droppar ut av skulen. Og tvinga på desse elevane enno meir sidemål vil verke heilt mot sin hensikt, seier Stenersen, som meiner sidemål kan gå inn i den vanlige norskundervisninga og at karakter og eksamen må verte droppa.

Ho viser til ei prøveordning med valfritt sidemål i ni Oslo-skular i perioden 2004-2007.

– Det me ser er at elevane har gått opp i sine standpunktkarakterar og blitt meir positive til nynorsk. Løysinga er difor ikkje å tvinge på elevane meir sidemål, men la dei velje, meiner Frp-politikaren.

LES OGSÅ: Vil ikkje ha folkerøysting mot nynorsk

Hovudsporet
Leiar i Norsk Målungdom Karl Peder Mork meiner forslaget om meir sidemål på pensum, òg utanfor norskfaget er framifrå, og er forkjempar for å behalde både eksamen og karakteren.

 Det er heilt klart at dei som kjem inn i skulen som framandspråklege skal få tilpassa undervisninga, men det tener ikkje debatten å skyve dei framfor seg. Det er slik at dei aller fleste elevane i Oslo-skulen vil kunne lære sidemålet sitt, seier Mork til Osloby.