Då forslaget til Statsbudsjett for 2015, reagerte studentorganisasjonane kraftig på eit punkt i budsjettet – innføring av skulepengar for studentar frå land utanfor EU og EØS.

Rundt tre timar etter at budsjettforslaget vart lagt fram, skulle kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vitja Blindern – då vart han møtt med ei gruppe studentar med papphattar som ropte slagordet «Stopp, stopp, stopp skolepenger».

LES OGSÅ: Dette er studentane sitt statsbudsjett

– Kritisk med god grunn
Internasjonalt ansvarleg i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Helge Schwitters, var på staden. Han meinte det var gode grunnar til at NSO reagerer sterkt på forslaget om skulepengar.

– Dette budsjettet rokkar ved sjølve grunnprinsippet ved norsk, høgare utdanning – gratisprinsippet. Me har sett i fleire land at å innføra studieavgift for internasjonale studentar seinare leda til ei studieavgift for alle, sa Schwitters.

– I tillegg vil det råka norsk internasjonalisering. I Sverige fekk dei 59 prosent færre søknadar frå studentar utanfor EU og EØS då dei innførte skuleavgift. Det er me redde for skal skje i Noreg og, om dette statsbudsjettet går gjennom.

– Trur du det går gjennom?

– Det var eit fleirtal på Stortinget i fjor mot dette, så me reknar me at dette ikkje har gehør i Stortinget.

LES OGSÅ: – Eit lotteri med unge si helse

Rask demonstrasjon
Studentane som hadde møtt opp venta trufast, trass regnet, på at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skulle møta opp. Då statssekretær for Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, dukka opp nokre minutt før Røe Isaksen, vart sjansen nytta til å øva litt på slagordet.

Då kunnskapsministeren sjølv tok steget ut av bilen, kom ropa med meir engasjement. Røe Isaksen gjekk roleg forbi demonstrasjonen, og tok seg tid til å både helsa på og kviskra nokre ord i øyret på NSO-leiar Anders Kvernmo Langset.

Så var demonstrasjonen i grunn over. Schwitters frå NSO var nøgd med oppmøtet.

– Kampanjen vart kjend litt etter klokka 10 i dag, så at så mange har klart å møta på tre timar, det er me veldig nøgd med. Og det kan henda det kjem større aksjonar seinare, alt etter behov.

LES OGSÅ: Slik påverkar Statsbudsjettet skulane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE