– Åtak på nynorske barn og unge

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Åtak på nynorsk ungdom

– Regjeringa spenner bein under suksessrike nynorske barne- og ungdomssatsingar nett og språkkurs i kommunar når dei kuttar ut støtta til Landssamanslutninga av nynorskkommunar, seier styreleiar for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) Solfrid Borge, i ei pressemelding.

I 2014 fekk LNK 1.088.000 kroner i støtte over statsbudsjettet. No vil regjeringa kutta all støtte.

– Dette får dramatiske konsekvensar for heile drifta til organisasjonen, seier styreleiar Solfrid Borge.

LES OGSÅ: Vil spreie kulturmakta i Noreg

Kuttar all støtte til nynorsk-suksessar
LNK står blant anna bak Framtida.no, som er det einaste nasjonale nyhendetilbodet på nynorsk for unge.

– Økonomisk støtte frå LNK har vore heilt avgjerande for Framtida.no. Det har gjort oss i stand til å veksa og koma der me er i dag, med aukande tal lesarar, journalistar og inntekter, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker.

Dersom all støtte blir kutta, må LNK òg seia opp avtalen med Magasinett og Pirion, som er viktige nynorske tilbod i skulen og barnehage, både for dei som har nynorsk som hovudmål og sidemål.

– Dette strir mot målet i regjeringserklæringa om å gjera sidemålsopplæringa meir engasjerande, seier Solfrid Borge.

LES OGSÅ: Held på sidemål – droppar mållova

Målkritikk
Karl Peder Mork, leiar i Norsk Målungdom, meiner kuttet i støtta til LNK er eit åtak på nynorsk barn og ungdom.

– Det er eit ganske vanvittig framlegg, og eit åtak på barn og unge sine høve til å få lesa nyhende på nynorsk. Eg klarar ikkje å forstå argumentet for kuttet, seier Mork.

Òg nestleiar i Noregs Mållag, Sigbjørn Hjelmbrekke, tykkjer framlegget frå departementet er vanskeleg å forstå.

Han peikar på at LNK driftar tre viktige tilbod for formidling av nynorsk til barn og unge.

 Sidene har fått eit lyft dei siste åra, og talet på lesarar aukar. Det er merkeleg at det ikkje skal finst pengar til eit så godt tiltak, seier Hjelmbrekke, i ei pressemelding frå Mållaget.

Kommuneutfordringa
Nestleiaren i Mållaget stussar òg over at dette kuttet kjem midt i det førebuande arbeidet med kommunereforma.

 I kommuneproposisjonen som vart lagt fram før ferien, slår ein fast at det er viktig å sikra nynorsk og samisk i reformprosessen, slik at ikkje samanslåingar får den utilsikta konsekvensen at dei mindre brukte språka vert ramma. Nynorsk vil ha ein utsett posisjon mange stader, og det er stor trong for å tenkja nytt om korleis intensjonane frå dagens lovgjeving kan vidareførast for å sikra nynorskområda i mange fylke, meiner Hjelmbrekke. 

Då kulturminister Thorhild Widvey vitja Sogn og Fjordane i vår erkjente ho at kommunereforma kunne få konsekvensar for nynorsken.

– Det er ille at regjeringa vil kutta heile løyvinga til Landssamanslutninga av nynorskkommunar no når alle kommunar skal drøfta si eiga framtid, meiner styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm.

Faktaboks

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak med føremål å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. 103 kommunar, fire fylkeskommunar og 17 interkommunale tiltak og regionråd er med i samanslutninga, som vart skipa i 1993.