Engasjementet for å gjera Universitetet i Bergen fossilfritt sikra Ragnhild Freng Dale Skjervheimprisen.

Det starta med ei studentgruppe som fekk nokre forskarar med seg på laget. Målet var eit fossilfritt universitet i Bergen. Eit år seinare har saka blitt eit nasjonalt tema, og Ragnhild Freng Dale har blitt lønna med Skjervheimprisen og 20.000 kroner.

LES OGSÅ: Kan norske hyblar løysa amerikansk krise?

Den rette tida

– Me har hatt nokre aksjonar, debattar og mobilisert ein god del folk. Det vart fort mykje større enn me trudde. Me utfordra rektor og leiinga, som skreiv til den nasjonale komitéen for forskingsetikk i januar. NENT bestemte seg for å gjera dette til ein nasjonalsak, fortel Dale om gangen i det heile.

Då ho starta opp på denne tida i fjor var ho usikker på korleis reaksjonen ville bli.

– Eg visste ikkje om det var god grobotn eller ikkje, men eg bestemte meg for å prøva. Det viste seg å vera ganske mange som engasjerte seg. Eg trur det berre var den rette tida, at det kunne skje noko. Det var mykje som skjedde internasjonalt, Bill McKibben vann blant anna Sofieprisen. Og fleire forskarane ved universitetet hadde allereie uttrykt seg kritisk til samarbeidsavtalen med Statoil. Det gjorde nok at mykje skjedde av seg sjølv.

LES OGSÅ: – Elbilar må subsidierast annleis

Ikkje ei punktliste
Nøyaktig korleis eit fossilfritt universitet skal sjå ut, kan ikkje Dale sei. For det første veit ho ikkje det på eigenhand, og for det andre er ho ikkje ein gong student ved Universitetet lenger.

– Eg kan ikkje komma med ei punktliste og forventa at det blir innført på dagen, verken i Bergen eller ved andre universitet.

Det saka handlar om, forklarar ho, er å vri litt på debatten. Ho ønskjer å sjå løysingar for ei fornybar framtid komma fram, og at dei vanskelege spørsmåla om overgangen blir stilt.

– Eg trur at det kunnskapsfellesskapet som eit universitet er bør i større grad gå saman og stilla desse spørsmåla. Korleis vil me ha vårt universitet? Korleis vil me bidra til omstillingsprosessen me veit me må ha?

LES OGSÅ: Det grøne skiftet er i gang

Meir enn sparepærer
For eit fossilfritt universitet handlar om mykje meir enn berre sparepærer.

– Det hjelp ikkje å vera verdas beste på sparepærer om ein samstundes bidreg til utvinning som forlengar fossilalderen, seier Dale.

På universiteta etterlyser ho mellom anna diskusjon om kva det faktisk blir forska på, og at me kan få vita meir om moglegheitene innan fornybar energi.

LES OGSÅ: – Omstillinga må starte i dag

Eit førebilete
Dale meiner universiteta bør vera førebilete.

– Eg trur det er kjempeviktig av fleire grunnar. For det første sit universiteta på mykje kunnskap og ekspertise. Når me veit så mykje om klimaendringar, og kunnskapen kjem frå nettopp universitetsforsking, er det merkeleg om me ikkje tek konsekvensen av kunnskapen vår, seier ho.

– For det andre har dei eit samfunnsoppdrag. I naturvitskapen snakkar dei etiske retningslinjene om bærekraft og føre-var-prinsippa. Det å ivareta den verda me er avhengige av for framtidige generasjonar er viktig. Dessutan har universiteta ei danningsrolle.

LES OGSÅ: Rapport frå eit absurd miljølandskap

To frontar
Mykje av problemet med debatten om det grøne skiftet, meiner Dale, er at det ofte dukkar opp to sterke frontar. Det merka ho og i motstand mot kampanjen.

– Det som ga mest motstand er at folk ser sterke frontar. Ein tenkjer at anten må me legga ned alt i morgon, eller så må me halda fram akkurat som før. Ingen av dei standpunkta er verken reelle eller gjennomførbare. Ingen seier at me skal slutta i morgon, men det handlar om å gå inn for ei kontrollert landing, seier Dale.

LES OGSÅ: – Fornybart er ikkje berre reinliva

Ikkje forventa
Å vinna Skjervheimprisen betyr mykje, og Dale hadde ikkje forventa det.

– Det gjer at eg føler det er riktig at nokon reiser desse spørsmåla.

At prisen er oppkalla etter filosofen Hans Skjervheim, som var svært oppteken av forholdet mellom naturvitskapen og samfunnsvitskapen, betyr ekstra mykje.

– Skjervheim var ein veldig inspirerande person som trudde på at opplyst debatt var verdifullt og viktig, og at folk flest har evna til å delta i viktige debattar,ikkje berre vere tilskodarar. Så det er ei stor ære å få ein pris i hans namn.

Foto: Tor H. Monsen/På Høyden

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

Kommentarar

ANNONSE