Folkerop etter stygge poteter
Facebook-kampanjen for å verna om dei stygge potetene veks raskt – og får svar frå Bama.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Førre veke kom Bama med nye krav til potetene – fleire jordeple blir sortert vekk for å møta konkurransen med dei utanlandske, meir billedskjønne potetene, ifølgje Bama. Slikt kan folk bli rasande av.
I Frankrike har dei gjort suksess med dei stygge fruktene – les her!
– Ja takk!
Facebook-sida «Stygge poteter – ja takk!» har i løpet av den siste veka nådd nær 8500 likes i skrivande stund, og folk engasjerer seg i forsvar for dei stygge potetene. Med store bokstavar rettar sida seg direkte mot Bama, og reagerer sterkt på det kampanjen kallar systematisk kasting av mat.
Sida vart oppretta 19. september, og har dei siste dagane hatt enorm vekst. Då Nationen skreiv om Facebook-sida rundt lunsjtider i går, 23. september, skreiv dei at sida hadde passert 3700 følgjarar – seinare same dag melder sida at dei passerte 6000. No har dei altså rykka godt forbi 7000.
Bak kampanjen står Sigrun Brustad Nilsen, ein vanleg forbrukar som, ifølgje seg sjølv, er litt over middels interessert i tema knytt til bærekraft, etisk forbruk og mattryggleik.
LES OGSÅ:– Barnemeny burde ikkje vera lov
Ei utfordring til Bama
Brustad Nilsen tykkjer responsen er overveldande. Ho ser at saka engasjerer, og for ho var det naturleg å reagera.
– Dette betyr, ifølgje bøndene sjølv, stort matsvinn på kort sikt og på lengre sikt ei potensiell nedbygging av ein del av den norske matproduksjonen me er avhengige av. Rotgrønsaker treng me strengt tatt ikkje å importera, men me gjer det likevel.
I Frankrike sel dei "stygge" grønsaker til lågare pris – det gjer dei stor suksess på. Foto frå kampanjen.
Eit kresent folk
Bama sjølv har merka engasjementet, og seier dei set pris på det. I ei pressemelding på sine heimesider vil dei sjølv prøva å balansera debatten, og forsikrar dei om at skjønnheitskrava kjem med god grunn – konkurransen frå utlandet.
– I løpet av fem år har forbruket av importerte poteter tredobla seg, samstundes som salet av norske poteter har stupt med 30 prosent. Dette er eit eintydig svar på at potetforbrukarane har endra seg dei siste åra, skriv Bama på sine heimesider.
Europeiske poteter har som oftast færre skjønnheitsfeil enn dei norske, og mange går difor etter desse når dei handlar i butikkane.
LES OGSÅ: Puttar insekt i energibar
Større ansvar
Brustad Nilsen mistenkjer at det handlar om meir enn konkurranse frå utlandet, og oppmodar Bama til å ta eit større ansvar.
– Eg vart merksam på korleis Bama er oppteken av samfunnsansvaret sitt, og eg meiner det betyr at dei må tenkja lenger enn eiga inntjening, seier Brustad Nilsen.
På Facebook-sida har det ramla inn fleire tips til korleis "stygg" frukt kan brukast betre. No håpar Brustad Nilsen at Bama tek det til seg.
– Det blir spanande å sjå om dei plukkar opp tips og tilbakemeldingar. Blant anna har det komme tips om korleis ein seljer "stygge" grønsaker til lågare pris. Kunne dette vore ein modell Bama og andre aktørar kunne våga seg på? Om Bama brukar marknadsføringsapparatet sitt lurt, er eg heilt sikker på at dei greier å selga inn "stygge" poteter og gulrøter til forbrukaren. Det kunne blitt ein artig kampanje, og eg er sikker på at forbrukaren er med, seier Brustad Nilsen, og legg til at ho hadde i alle fall stilt seg i kø.
Potetmjøl og sprit
Då dei nye sorteringskrava kom, møtte NRK Østfold bonden Tormod Sandaker, som fortel at rundt 30 prosent av potetene hans blir kasta grunna små skjønnheitsfeil.
Ifølgje Bama er det berre eitt prosent av potetene som faktisk blir kasta – medan storparten av potetene som blir sortert ut blir brukt til anna produksjon, som til dømes potetmjøl eller sprit.
Fleire bønder let seg irritera over sorteringskrava – som til dømes Arne Braut i Rogaland, som er lei av at butikkane ikkje vil ha agurkar som er for store.
Ifølgje Nationen har Bama, saman med Gartnerhallen, definert ei mål om å auka marknadsandelen til norske poteter med 20 prosent innan 2017.
LES OGSÅ: Desse smakane bør alle kunna