mm
Faktaboks

OSLO INTERNATIONAL SCHOOL

·  Privat, engelskspråkleg skule for born i alderen 3 til 19 år.

· Ligg på Bekkestua i Bærum kommune i Akershus.

· Finansiert av årlege skulepengar frå kvar elev, som for 2014-2015 ligg på 187.500 kroner per elev frå 1. klasse.

· Norske statsborgarar og enkelte andre betalar redusert undervisningsgebyr på 81.500 kroner per elev fra 1. til 10. klasse for 2014-2015. Ein må òg rekne med nokre mindre tilleggsgebyr.

· Rundt 600 elevar, i snitt 18 per klasse.

· Rundt 70 prosent av elevane kjem frå utanlandske familiar midlertidig busett i Noreg.

· Skulen følgjer norsk læreplan for norskfaget og internasjonale rammeverk for øvrige fag.

Kjelde: NTB

LES FAKTALUKK FAKTA

Kronprinsparet fekk mykje kritikk då det i sommar vart kjent at dei ville sende dottera Ingrid Alexandra på den private Oslo International School.

LES OGSÅ: – Innfør språkdelte klassar i ungdomsskulen

Målfrykt
Noregs Mållag frykter at engelskundervisninga på skulen vil gå ut over nynorskkunnskapane til prinsessa. I eit brev til Slottet uttrykker Mållaget med si uro over språket til tronarvingen når ho ikkje skal gå i den norske offentlege skulen.

– Tronarvingen er ikkje kven som helst. For tronarvingar er allmenndanninga viktigare enn for oss andre, nettopp fordi den vesle jenta ein gang skal regjera over eit heilt land. Noreg er eit stort land i utstrekning, og me har store variasjonar både språkleg og kulturelt. Då synes me det er viktig at ho kan og veit noko om kva slags land hun skal regjere i, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, til Dagsavisen.

LES OGSÅ: Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar

Ikkje rolegare
I brevet spør Mållaget om prinsessa vil følgje den same sidemålsundervisninga som alle andre born i den norske skulen.

– Svaret me fekk er at dei følgjer læreplanen, men at dei berre har tre timer undervisning i norsk i veka. Det er i stor grad opp til den enkelte skulen korleis dei legg opp undervisninga, seier Tennø, som ikkje vert rolegare av dette.

Ho meiner det ikkje berre handlar om nynorsk, men om kulturelle og språklege minoritetar, som ho meiner det er viktig at tronarvingen kan noko om.

LES OGSÅ: Sparer samfunnet for 2,7 milliardar

– Uheldig signal
Tennø understrekar at ho ikkje ynskjer å kritisera kronprinsparets val av skule for borna.

– Me ynskjer at kongehuset kan beroliga oss med at dei ikkje har valt vekk nynorsk i læreplanen gjennom skulevalet. I debatten som går føre seg no om valfritt sidemål er det eit uheldig signal å senda ut om den framtidige regenten ikkje skal læra nynorsk, meiner mållagsleiaren

Rektor ved Oslo International School, Janecke Aarnæs, forsikrar om at nynorskundervisninga hjå dei ikkje er verre enn på andre norske barneskular.

– I så fall bør mållaget vere uroa for alle norske barneskular. I og med at det ikkje er eigen nynorskundervisning for grunnskulen i det heile teke er det ikkje annleis hjå oss enn på andre skular, som Jansløkka der prinsessa gjekk tidlegare, seier Aarnæs til Dagsavisen.

Ikkje skriftleg eksamen i nynorsk
Ho fortel at dei i norskfaget følgjer den same fagplanen og målsetting som andre skular. Dei har fire timar norskundervisning på barnetrinnet i veka, mot fem i barneskulen.

På ungdomsskulen vert det annleis då den private internasjonale skulen har engelsk som hovudmål og norsk som framandspråk.

– På ungdomsskulen er me difor fritatt for undervisning på nynorsk som eiget fag. Me underviser etter hovudmåla om kjennskap til nynorsk, men har ikkje nynorsk skriftleg eksamen, seier Aarnæs.

Usikker ungdomsskule
Kommunikasjonssjef på Slottet, Marianne Hagen, svarar ja  på spørsmålet om Ingrid Alexandra vil få opplæring i skriftlig nynorsk i samsvar med læreplanen.

– Slik eg har forstått det er det ingen kompetansekrav til skriftlig nynorsk på hennar alderstrinn, seier Hagen til Dagsavisen.

Men om prinsessa kjem til å lære nynorsk når ho byrjar på ungdomsskulen er for tidleg å seie.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE