– Dusj er ikkje obligatorisk

Skulane kan ikkje påleggje elevane å dusje, presiserer Utdanningsdirektoratet på nettsidene sine.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje obligatorisk

Sjølv om dusjing ikkje er nemnd direkte i opplæringslova, meiner direktoratet skulane må ta omsyn til det når elevane opplever dusjinga som utrygg.

– Dersom dusjing er ei utfordring for nokon, er det viktig at skulen ikkje grip inn i integriteten til enkeltelevar på ein måte som ikkje fremjer helse, trivsel og læring, jamfør opplæringslova § 9a-1, skriv direktoratet mellom anna.

Forskarane Jorun Spord Borgen og Gro Rugseth ved Norges idrettshøgskule starta ein debatt om emnet da dei i ein kronikk i Aftenposten førre veke meinte dusjinga etter gymtimane er unødvendig, og at grunngivinga for dusjinga er utdatert. (©NPK)