Difor er vi så ulike i trynet
Mennesket har mykje meir ulike andlet enn andre dyr. Har du nokon gong tenkt på kvifor?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Øgler eller pingvinar, apekattar eller hundar – dei ser alle likare ut i andleta enn menneska gjer.
Ei gruppe forskarar som sat seg føre å finne ut kvifor, har analysert andlet og genmaterialet som påverkar andletstrekk og andre kroppslege karakteristikkar.
Dei hevdar vårt behov for å kjenne att andlet har ført til naturleg seleksjon av andlet som ser ulike ut, skriv Sciencedaily.
Forskarane fann, som venta, at andleta våre er mykje meir ulike enn andre delar av kroppen, som til dømes lengda på hendene våre. I tillegg fann dei at andletstrekk er mindre avhengige av kvarandre enn andre kroppslege trekk. Det er til dømes vanleg at personar som har lange armar også har lange bein. Personar med brei nase eller stor avstand mellom auga derimot, har ikkje nødvendigvis lengre nasar.
LES OGSÅ: Kan biene løysa antibiotika-krisa?
Ifølgje forskarane tyder dette på at variasjon i andletstrekk har blitt favorisert gjennom evolusjonen.
I tillegg fann forskarane større variasjon i genmaterialet som kontrollerer andletstrekk, enn i gena som påverkar andre kroppstrekk.
Mange dyr brukar lydar eller lukt til å skilje individ frå kvarande, og andleta vert dermed mindre viktige. Menneska er derimot svært gode til å kjenne att andlet, og vi har til og med ein eigen del i hjernen til dette føremålet. Dersom vi ikkje hadde hatt behov for kjenne att kvarande visuelt, hadde vi sannsynlegvis sett likare ut, seier ein av forskarane bak studien til Sciencedaily.
LES OGSÅ: – Som å finna ei fossil snørrklyse