Kunstig mjølk snart på marknaden

Det amerikanske selskapet Muufri lagar mjølk i laboratorium. Etter planen skal mjølka verte lansert om tre år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snart kjem kunstig mjølk

Det amerikanske selskapet Muufri lagar mjølk i laboratorium. Etter planen skal mjølka verte lansert om tre år.

Selskapet Muufri har utvikla ei kunstig «mjølk», som er laktosefri og utan antibiotika, skriv Lantbruk.com.

Ifølgje selskapet inneheld mjølka seks protein og åtte ulike feittypar, som gir ho smak og substans.

I ulike kombinasjonar gir desse komponentane produkt tilsvarande kumjølk, geitemjølk eller bøffelmjølk. Dei bioteknologiske prinsippa er dei same som for øl.

LES OGSÅ: Sjokkert over prisforskjellane på mat

Selskapet håpar at vi i framtida sluttar å bruke kumjølk og heller går over til å drikke kunstig mjølk. Det vil vere betre for miljøet globalt at vi unngår storskala dyrehald for å produsere mjølka vi treng, trur dei.

På sine nettsider strekar selskapet under at dei støttar lokale småskala bønder. Dei meiner likevel at gardar der dyrevelferd vert ivareteke vert skvisa ut, til fordel for store industrielle gardar.

– Effektivitet og optimalisering gjer at dyr i større grad vert behandla som maskiner. Etter kvart som befolkinga veks og etterspurnaden etter meieriprodukt aukar, vil fleire familiegardar bli fabrikkgardar. Vi treng eit alternativ, skriv selskapet på nettsida si.

Muufri hevdar mellom anna at kunstig mjølk er bra for planeten, fordi det vil redusere utslepp av drivhusgassen metan.

LES OGSÅ: «Me treng mat i framtida òg»