Universitetet i Bergen er det 56. mest siterte universitet i verda og det mest siterte i landet. Det kjem fram etter at QS World Universities la fram si liste over dei beste universiteta i verda på tysdag. Ved hjelp av spesiell metodikk og intervju med akademikarar samanliknar dei verdas universitet.

Totalt hamnar UiB på 155. plass på lista, og er dermed blant dei fire prosenta som er rangert høgast i verda. Rektor ved UiB er særleg nøgd med dei høge tala på siteringar, altså referansar til forsking gjort ved UiB.

– Siteringstala våre inneber at forskinga vår har gjennomslagskraft og betyr noko for andre forskarar. Det er eit objektivt mål, og eit konkret teikn på at forskinga vår er viktig, seier rektor Dag Rune Olsen på UiB sine nettsider.

LES OGSÅ: Nasjonale prøvar for studentar

Universitetet scorar ikkje like høgt på omdømmemålinga. Denne delen inneber intervju med arbeidsgjevarar og vitskapleg tilsette og er avgjerande for det endelege resultatet på lista.

Totalt kjem Universitet i Oslo ut på topp av dei norske universiteta, følgt av UiB, NTNU, Universitetet i Tromsø, og til sist BI. Rektoren i Bergen tek ikke det så tungt.

– Omdømmedelen er ein svært subjektiv kategori. Sjølve substansen i rangeringa er for min del gjennomslaget forskinga har, og her er vi på rett veg, seier han.

Heilt på topp ligg Massachusetts Institute of Technology, University of Cambridge, Imperial College London og Harvard University.

Sjå rangeringa her.

LES OGSÅ: Slaktar rangeringar av universitet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

Kommentarar

ANNONSE