Førarjenta

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho held fargeindikatoren opp mot kinnet.

– Blek rosa, kjem det frå høgtalaren

– Ein kan jo ta det som ei fornærming, smilar Eirin Frøyland.

Taktil strikking
Den morosame dingsen er eitt av hjelpemidla ho nyttar mest i kvardagen.

Spesielt nyttig er det når ho skal strikke og vil vete fargen på garnet. No held ho på med tøflar i ulike lillatonar og brunt.

– Når du ser rutinerte strikkarar så er det sjeldan dei ser på strikketyet. Det er jo ein ganske taktil aktivitet. Men eg kan få problem om eg missar ei maske, forklarar Eirin.

LES OGSÅ: Føreslår å samle solskinnshistorier

Framtida møter 26-åringen frå Tysvær i studentheimen på Kringsjå. Det har vore ei travel veke for iCare-ambassadøren. Dagane har gått med til telefonintervju, mailkorrespondanse og intervju i Nitimen på NRK radio.

Ho gler seg veldig over at det har kome inn rundt 100.000 kroner til innsamlingsaksjonen hennar for iCare, ein aksjon i regi av Norges Blindeforbund.

Desse pengane går til synsoperasjonar av såkalla «unødvendig blinde» i fattige land.

No ser det ut til at målet om å gje augeoperasjon til 1000 personar er innan rekkjevidde. I heile verda er 32 millionar personar «unødvendig blinde», oftast av grå stær. 250 kroner er nok til ein operasjon.

Ser at ein blir blind
Eirin har etter fem år kome inn i ein normalisert kvardag utan syn. Det missa ho som 21-åring etter ein operasjon. Berre tre personar i heile verda har vorte blind på same måte før ho.

Etter ein lungetransplantasjonen fekk ho ein akutt avstøyting av dei nye lungene. For å få kroppen til å akseptere dei nye organa måtte immunforsvaret svekkast. Då fekk ho ein bakterieinfeksjon.

Sjølv merka ho det til å byrja med som ein svart prikk i venstre synsfelt. Ho tenkte berre at det var noko rusk, som sikkert var vanleg etter ein så stor operasjon. Etterkvart vart dei svarte flekkane større og fleire, og dekte stadig større delar av synsfeltet. Synet vart borte i løpet av ein månad.

LES OGSÅ: Den alpine draumen

I eit halvt år budde ho på Rikshospitalet.

Legane gjorde det dei kunne. Dei lurte på om det var ein soppinfeksjon, men fann ut at det var bakterien psaudomonas. Den var vanskeleg å bli kvitt. Ho vart operert sju gonger, til slutt måtte dei operere det vekk for å hindra spreiing til hjernen.

– Bakteriane bevegde seg inn i augene, noko som er veldig sjeldan sidan det er så små blodbanar. Det skjer berre ikkje, forklarar Eirin.

Men det skjedde ho.

– Så slik vart det svart. Det var skummelt og ubehageleg. Du sit og ser på at du vert blind, forklarar Eirin.


Fargeindikatoren er eit nyttig og morosamt verkty.

Totalt mørkre
Norges blindeforbund har i dag om lag 12.000 medlemmer – både svaksynte og blinde.

Mange blinde kan oppfatta lys, skugge og nokre konturar. For Eirin er det faktisk heilt mørkt. Ho er det ein kallar totalt blind. Det er som når ein held hendene framføre augo. Ho viser.

I starten fekk ho ein sorgreaksjon for alt det fine ho ikkje kom til å sjå att. Men ho vart tidleg innstilt på at ho skulle klare det.

– Eg tenkte at: greitt det går å ta synet mitt, men det går ikkje å ta meg.

LES OGSÅ: Retten til liv

95 prosent av tida tenkjer ho ikkje over at ho ikkje ser. Ho går heller ikkje rundt og saknar det ho ikkje ser. Men var det noko ho skulle ynskje ho såg, så var det menneskjer. For det er jo dei ein er glad i. Og førarhunden Atlas.  

– Så er det enkle småting, som eg ikkje får delt. Som når nokon har klypt seg. Då skulle eg ynskje eg kunne sagt noko til dei med ein gong, i staden for å måtte bort å kjenne.

I store samanhengar kan ein òg gå glipp av morosame visuelle ting som skjer. Då vert vitsen forklart i etterkant.

Lærte å gå på nytt
Han seier ikkje ifrå om nye hårsveisar, men Atlas er god å ha. Førarhunden er nok det viktigaste hjelpemiddelet i kvardagen. Han og den kvite stokken gjer at ho ikkje føler at ho vert avgrensa. 

Folk lurer ofte på korleis ho klarar seg. Korleis ho lagar mat og korleis ho veit kvar ho finn ting i butikken.

Dette er ting ho har måtte lære seg heilt på nytt.

– Ein må lære å gå på nytt, å lese på nytt, å ete – nei ikkje akkurat å ete, men å lage maten. I starten er du heilt hjelpelaus og kan ikkje gå to meter utan å verte desorientert og redd for å slå deg, fortel Eirin.

LES OGSÅ: 32 millionar kan få synet attende

I eit halvt år var ho på vekesopphald på Huseby kompetansesenter.

Å orientere seg er nok den største utfordringa. Då er trikset å berekne god tid. Men Eirin har sett store delar av Oslo, så ho har eit visst overblikk.

Og som tidlegare sjåande veit ho òg kva folk meiner når dei snakkar om fargen blå.

Kur for høgdeskrekk
Åtte timar i veka har ho assistent. Det brukar ho til å lese post – sjølv om det finnast scannarar, på tur i marka, til husvask eller om det er nokre ærend som er meir praktisk med assistent.

Ho høyrer ein del lydbok og likar radio. I tillegg driv Eirin med tandemsykkel og klatring. Sistnemnte aktivitet går faktisk betre no, enn som sjåande.

– Høgdeskrekken er kurert. No innbiller eg meg berre at eg er ein halv meter over bakken, smilar ho.

Men nokre ting kan vere litt skumlare når ein ikkje ser. Til dømes når ein høyrer skritt bak seg om kvelden og ikkje kan snu seg og få avklart at det ikkje er noko skummelt.

Sjå eller høyre?
Berre månadar før ho missa synet hadde Eirin den klassiske samtalen med systera, dilemmaet om ein ville ha valt å missa synet eller høyrsla.

– Eg trur eg sa at synet er det siste eg ville mista. Men eg trur ikkje det har noko føre seg å samanlikne, ingen vil vere utan nokon av delane. Og eg fekk ikkje akkurat valet. Ein får noko slikt som 80 prosent av sanseintrykka gjennom synet, noko som er veldig mykje, samstundes trur eg kanskje det kan vere vanskelegare sosialt om ein ikkje høyrer, spekulerer Tysvær-jenta.

LES OGSÅ: Vil ha «blinde» sensorar

Ho var glad i film før ho missa synet, og er det framleis. Ho ser ein del Youtube-videoar og dokumentarar. Problemet er berre at ho vert så trøytt. Og sjølvsagt er det ikkje alt som er like tilfredsstillande utan lyd.

– Actionfilmar er jo veldig visuelle med eksplosjonar og slikt, drama er meir dialogbasert og romantiske komediar skjønar ein jo utan å sjå, smilar ho, og tekk eit raskt plotsamandrag, som stemmer godt med det meste innan sjangeren: Han møter ho – PANG! – dei får kvarande.


Eirin likar kart og har merka dette med silikon langs landegrensene og blindeskrift på store land. – Mali, les ho.

Blinderevolusjonen
Utanom stokk og hund er teknologien, som me alle nyttar, til stor hjelp for blinde.

Eirin har ikkje noko spesialmaskin, men ei heilt vanleg datamaskin som det er installert taleprogram på.

– Data og iPhone er ein revolusjon for blinde. Det gjer at ein kan lese aviser og delta i samfunnet på ein heilt anna måte. Så er det veldig viktig for blinde på jobbmarknaden, understrekar ho.

Planen framover er å nytte tida på iCare-prosjektet no når ho har moglegheita. Etter det skal ho ut å søkje jobb med sin bachelor i samfunnsfag, religion og spesialpedagogikk, som ho var ferdig med til sommaren.

Draumejobben er ho ikkje sikker på, men ho har tenkt på noko innan kriminalomsorga eller på asylmottak. Det verkar meiningsfullt.

– Eg har sjølv opplevd kor viktig det er å blitt godt teke imot når ein er i ein vanskeleg livssituasjon, avsluttar Eirin.

LES OGSÅ: Blind, unik og normal