200 år med punktskrift – etterlyser meir i det offentlege rom

I år er det 200 år sidan den 16 år gamle franskmannen Louis Braille ferdigutvikla punktskrifta. No gjeld det berre at det offentlege tek ho i bruk, meiner Norges Blindeforbund.

NPK-Heidi Molstad Andresen
Publisert

– Punktskrift er utvilsamt den oppfinninga som har vore viktigast for livet mitt. Utan ho ville eg kjent meg som analfabet. Du kan jo berre tenkje deg sjølv – korleis livet ditt ville ha vore utan eit skriftspråk, seier Sverre Fuglerud i Norges Blindeforbund.

I år er det 200 år sidan den 16 år gamle franskmannen Louis Braille ferdigutvikla punktskrifta og med det opna opp ei heilt ny verd for blinde og svaksynte.

VISSTE DU …

… at brev og bøker som berre inneheld punktskrift kan sendast portofritt med posten om dei er merka med eit eige symbol?

… at braillebøker er mykje større og tjukkare enn tradisjonelle trykkbøker? Boka «Tørst» av Jo Nesbø har til dømes 522 sider i vanleg trykk. I punktskrift er ho på 1318 A4 sider og kjem i 19 bind.

… at ettersom punktskrift tek mykje plass, har mange synshemma også lært seg kortskrift? Kortskrift er ein slags mellomting mellom «fullskrift» og stenografi.

Kjelde: NPK

 

I skriftsystemet, som heiter braille etter opphavsmannen, blir bokstavar, tal og andre teikn markerte innanfor små ruter med plass til seks punkt.

Punkta kan danne kombinasjonar av 63 ulike teikn, som ein les ved å føre fingertuppane over teikna frå venstre mot høgre.

Skuffa og utolmodig

Ifølgje Norges Blindeforbund er det rundt 3000 punktskriftbrukarar i Noreg i dag. For dei er det heilt avgjerande at all informasjonen dei treng i kvardagen er skriven med bokstavar dei forstår.

Ein mann i lys skjorte, med krølla hår, blå jakke og ein stokk.

Noregs Blindeforbund etterlyser strengare krav til merking av offentlege bygg med punktskrift. Sverre Fuglerud, som er samfunnskontakt i forbundet, meiner norske styresmakter bryt FN-konvensjonen ved å utelate punktskrift på skilt og i heisar. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

– Me skulle ønske styresmaktene stilte strengare krav til merking, ikkje minst i plan- og bygningslova med krav til punktskrift på skilt og i heisar i offentlege bygg. Ved ikkje å gjere det, meiner me Noreg bryt FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne, som Noreg ratifiserte i 2013, seier Fuglerud.

Han understrekar at forbundet gjennom åra har vore i regelmessig dialog med styresmaktene om merking, og at dei i eit møte med politisk leiing i Kommunaldepartementet på braille-dagen for to år sidan opplevde at det vart lova fortgang i saka om merking i offentlege bygg. Sidan har dei ikkje høyrt noko.

– Det er klart det er skuffande. Etter så lang tid tek me til å bli ganske utolmodige, vedgår Fuglerud.

Støtte til print

Utan tilrettelegging vil blinde- og svaksynte alltid vera avhengige av å få andre til å lese for dei. Det gjeld alt frå brev frå Nav og andre offentlege institusjonar til daglegvarer og utløpsdatoar i butikken.

Medisinboks med punktskrift på seg.

Alle medisinpakningar er, etter krav frå EU, merkte med punktskrift. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Det positive unnataket er medisinpakningar, som alle er merkte med punktskrift. Men det er det EU-reglar, og ikkje norske styresmakter, me kan takke for.

Heilt mørkt er det likevel ikkje, påpeikar Fuglerud:

– I statsbudsjettet for 2024 vart det sett av pengar til ei utskriftsteneste for punktskrift, slik at alle blinde- og svaksynte kan få støtte til å printe ut inntil 600 sider med punktskrift i året. Det har vore ei kjempevellukka ordning, som blir brukt til alt frå å printe ut bruksrettleiingar til testamente.