– Mange menn her rør veldig mykje. Om ting dei kan, og om ting dei ikkje kan, seier Bibbi Tveito (Sp). 

Vest-Telemark blad/Randi Berdal Hagen
Vest-Telemark blad/Randi Berdal Hagen

 – Mange menn her rør veldig mykje. Om ting dei kan, og om ting dei ikkje kan, sa Bibbi Tveito (Sp), då Vinje kommunestyre hadde kvinnerepresentasjon som tema førre veke. Berre kring 30 prosent av representantane i Vinje er kvinner.

Les heile saka i Vest-Telemark blad.

Førre veke fekk politikarane besøk av forskar Bjarte Folkestad frå Uni Rokkansenteret . Han snakka om kvinnerepresentasjon i kommunestyret.

Fleire mannlege representantar gjekk på talarstolen etter innlegget til Folkestad, og kommenterte sin eigen praksis og andre ting. Mellom anna sa Halvor Lognvik (Frp) at i hans parti bryr dei seg ikkje om representantane er menn eller kvinner, men at det er engasjementet som betyr noko.

Etter kvart bad Senterpartiets Bibbi Tveito om ordet.

– Det er veldig snakkesalige karar i både formannskapet og kommunestyret her. Dei snakkar veldig mykje, om ting dei har greie på og ting dei kanskje ikkje har greie på. Eg trur det gjer mange av oss andre usikre til tider, og eg føler også at eg ikkje alltid blir høyrd når eg seier noko, sa Tveito, som meir enn antyda at dette kunne ha mykje å seie både for rekrutteringa av kvinner og kor lenge dei ynskjer å vera politisk aktive. 

– Agenda: Seg sjølv 
Partifelle Lena Romtveit fylgde opp, og roste Tveito for å ha stukke hol på ballongen.

– Mange av talarane i møta her har éin agenda, og det er seg sjølv. Det opplever eg som bortkasta tid, sa Romtveit.

LES OGSÅ: – Tener mindre fordi dei er kvinner

Ho forklarte at årsaka til at ho har sete i to periodar er at Sp ikkje praktiserer partipisk.

– Me står fritt til å meine kva me vil. Andre partigrupper her har sterke menn som styrer, sa Romtveit.

– Men der karane styrer kan nok me damer til ein viss grad takke oss sjølve. Det er fleire grunnar til at dette er som det er, la ho til. 

Stemmeretting i kvinners disfavør 
Folkestad peika også på at kvinneandelen på Vinje-partia sine lister før valet var mykje høgare enn det som var resultatet etter at veljarane hadde sagt sitt.

– I Vinje går det føre seg mykje stemmeretting i disfavør av kvinner, understreka Folkestad. 

Skal vurdere møte på dagtid 
Ole Dalen (KrF) har bede administrasjonen legge fram ei sak om kommunestyremøte på dagtid.

– Det kan gjera rekruttering av unge og kvinner enklare, seier han. 

LES OGSÅ: Trur ikkje på forfremming

Etter at Tveito og Romtveit hadde vore på talarstolen torsdag kveld blei det stille frå salen i denne saka, bortsett frå eit spørsmål frå Ole Dalen (KrF). Han lurte på om forskar Bjarte Folkestad trudde det ville hjelpe på kvinneprosenten om møta blei lagt til dagtid i staden for på kvelden.

– Det kan godt vera, svara Folkestad, og utdjupa:

– Kvinner har oftare ei tredelt karriere: Jobben, familie/fritid og politikken. Menn prioriterer i større grad vekk familie/fritid til fordel for politikken. Så det kan godt hende det kunne hjelpe å legge møta på dagtid og frikjøpe representantane frå jobben, sa Folkestad, og presiserte at dette er ei løysing som kostar ein del meir. 

Må auke rekrutteringa 
Ole Dalen synest det er på tide å prøve noko nytt for å auke rekrutteringa av unge og kvinner til politikken. Han trur mange av desse vel vekk å engasjere seg fordi det i stor grad går utover familielivet.

– Me må gjera meir for å legge til rette for at engasjerte innbyggjarar skal ta steget inn i politikken, meiner KrF-politikaren.

Han er også ein av grunnleggjarane av høgskulestudiet Politikarskulen, som har nettopp rekruttering som mål.

Forslaget hans er alt behandla i administrasjonen, og rådmannen har tinga ei saksutgreiing som formannskapet og kommunestyret skal få til behandling i god tid før nominasjonane i partia må vera klare. 

LES OGSÅ: Speledame blant spelemenn

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE