Ung eldsjel: Adrian Wilhelm Kjølø Tollefsen har jobba for mental helse sidan før organisasjonen han i dag er generalsekretær for eksisterte.

Faktaboks

Unge eldsjeler

Framtida.no vil løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel leiar i Mental Helse Ungdom Adrian Wilhelm Kjølø Tollefsen, om det han brenn for.

Les om fleire eldsjeler her!

LES FAKTALUKK FAKTA

Tollefsen er generalsekretær i Mental Helse Ungdom (MHU). Med den internasjonale dagen for førebygging av sjølvmord som var 10. september, har veka vore ekstra spesiell for ein veldig engasjert fyr.

– Kor engasjert er du, på ein skala frå ein til ti?

– Ti. Eg jobbar stort sett heile tida. Det er fordi eg elskar det eg gjer, og fordi eg håpar det gjer ein skilnad. I tillegg har eg ein veldig, veldig snill sambuar som let meg gi av meg sjølv heile tida. Det er veldig raust, seier Tollefsen.

LES OGSÅ: Det hjelper å snakka om det

Frå starten
Vegen til Mental Helse la seg naturleg for Tollefsen.

– Eg er pårørande i det psykiske helsefeltet, og eg er veldig interessert i å bidra til eit betre helsevesen. Spesielt for born og unge både i spesialhelsetenesta og i kommunehelsetenesta.

Heilt sidan 2003 har han engasjert seg, og ifølgje eit intervju på MHU sine heimesider starta mykje på eit kjøkenbord det året. Tidlegare landsleiar for Mental Helse, Anne Grethe Klunderud, var hos Tollefsen og mora. Etter å ha høyrt om arbeidet dei gjorde tok det ikkje lang tid før Tollefsen sjølv var medlem i Mental Helse.

Først to år seinare, i 2005, vart Mental Helse Ungdom oppretta. Tollefsen gjekk rett inn som nestleiar i det første styret.

LES OGSÅ: – Ei verd, ei helse

Ein audmjuk mann
Gjennom desse åra har MHU utvikla seg mykje, og fått gjort ein skilnad, som Tollefsen håpar på.

– Det største eg har oppnådd er å få gjennom ventetidsgarantien, altså at alle born og unge skal få hjelp innan 65 virkedagar. Og at born og unge kan bli i BUP til dei fyller 23 år om tilbodet i vaksenpsykiatrien ikkje er godt nok, fortel Tollefsen. BUP er kort for Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk, og skal sørgja for eit godt tilbod for ungdom.

Men sjølv med desse to høgdepunkta, likar ikkje Tollefsen å ta fokuset sjølv.

– Min jobb er ikkje så viktig, det er organisasjonen som er viktig. Mental Helse Ungdom jobbar kvar dag for born og unge som har bruk for tenester innan psykisk helse.

LES OGSÅ: Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjere sjølvmord

Småbruk og store mål
Den tida som er til overs etter organisasjonsarbeidet – og det er ikkje mykje – blir brukt på sambuar, hus og heim, seier Tollefsen.

– Eg brukar og mykje tid på å klippa gras. Me har eit småbruk på sida av fulle jobbar, legg han til.

Generalsekretæren som fortel at det største førebiletet han har er alle medlemmane i Mental Helse Ungdom som overlever trass i tøffe liv har òg eit lite forsiktig mål å jobba mot.

– At Mental Helse Ungdom kan leggast ned fordi helsevesenet er perfekt, og alle er friske og raske, svarar han. Og så legg han til at det rett nok er på langsikt.

LES OGSÅ: Med hjarta på asylmottak

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE