Har lite å læra av rangeringar, ifølgje rapport.

mm

Verken universiteta eller styresmaktene har noko særleg å lære av dei internasjonale universitetsrangeringane, viser ein ny forskingsrapport som Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) har laga for Kunnskapsdepartementet.

Nifu har i rapporten tatt for seg dei internasjonale målingane Shanghai-rangeringa (ARWU) og Times Higher Education og konkluderer med at dei ikkje eignar seg som grunnlag for informasjon og tilbakemelding om utdanning eller forsking.

Universiteta i Noreg skårar jamt over dårleg på desse målingane.

LES OGSÅ: – BI best i Noreg

– Rangeringane er ikkje særleg brukande verken til å styre institusjonane eller dei nasjonale prioriteringane, seier statssekretær Bjørn Haugstad (H) i departementet, ifølgje universitetsavisa Uniforum.

Forskarane slår fast at målingane seier lite om kvaliteten på undervisninga, og at dei legg det meste av vekta på kor hyppig forskarane publiserer i internasjonale tidsskrift, kor ofte dei blir siterte av andre, og kor mange nobelprisar og Fields-medaljar universitet kan skilte med.

– Sjølv om rapporten gir grunn til ikkje å leggja for stor vekt på rangeringer, så utfordrar han ikkje inntrykket av at me har kvalitetsutfordringar ved norske universitet og høgskular. Det får me stadfesta frå andre og mindre problematiske internasjonale samanlikningar av kvalitet, med utgangspunkt i for eksempel kor mykje norske forskarar publiserer og kor mykje forskinga som blir sitert, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Les fleire saker om høgare utdanning her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE