Likevel går søkartalet ned.

Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt
Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt

For tolvte året på rad delte Enerbygg ut ein startpakke til førsteårselevane på bygg- og anleggslinja ved Ørsta vidaregåande.

– Det er kjekt å kunne vere med å bidra, og vi knyter relasjonar med framtidige snikkarar. Dei får i tillegg ei omvising her, og vert introdusert til sortimentet og det leverandørane har å tilby. Det er kjekt å ha eit godt forhold til Ørsta vg. skule, og til elevane og lærarane, seier dagleg leiar Torbjørn Vartdal i Enerbygg trelast.

Onsdag delte han og dei andre tilsette ved bedrifta ut spikarvestar, capsar, blyantar, sager og anna utstyr til dei tolv elevane på linja. Både elevar og lærarar er takksame for utstyret dei no har fått utdelt.

Av dei tolv elevane ved linja kjem fire av dei frå Ulsteinvik og Hareid. Medan Simen Notøy Brandal og Martin Andre Helland ynskjer å verte tømrarar har Jon Kåre Haddal Våge og Håvard Holstad tenkt andre yrkesretningar.

– Eg valde å søke meg til Ørsta fordi det er den praktiske vegen å gå for å verte arkitekt, og så er det kjekt å snikre og eg likar å arbeide praktisk, seier Haddal Våge.

– Planen min er å gå vidare på rørleggjar til neste år, og kanskje gå vidare til å verte ingeniør innan rørleggjarfaget, seier Holstad.

I 2007 og 2008 var det attraktivt å søke seg til bygg- og anleggslinene på landsbasis, men dei siste åra har det vore ein nedgang i søkjartala. I år var nedgangen på seksten prosent. Kontaktlærar Sigmund Norangshol seier at det no vert arbeidd godt med å få søkjartala opp att.

– Behovet i Noreg er kjempestort for den arbeidskrafta som vert utdanna her. Søkjartala no er altfor låge, men bransjen både lokalt og sentralt arbeider hardt for å få auke i tala. Alle som utdannar seg innanfor bygg- og anleggsteknikk får jobb når utdanninga er ferdig. Dei som tek fagbrev står betre rusta til vidare utdanning, og dei kan ta studiekompetanse og gå vidare på høgare utdanning. Bransjen skrik etter fleire tømrarar, gravmaskinførarar og rørleggjarar. Det er mange som går over i pensjonsalder, og då må bedriftene får inn lærlingar.

Holstad tykkjer det er dumt at søkartala har gått nedover, og pratar varmt om yrkesutdanninga.

– Det er ei morosam utdanning, og du gjer noko anna enn å sitje framfor ein data. Du er og sikra jobb etter lærlingtida.

LES SAKA I MØRE-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

Kommentarar

ANNONSE