Målungdommen arresterer politiet for brot på mållova på Twitter. 

mm

Politidistrikta sine Twitter-kontoar er nesten utelukkande på bokmål. 

Måndag kritiserte Noregs Målungdom Sunnmøre politidistrikt for å ikkje nytte nynorsk i Twitter-meldingane sine.

Politiet på Sunnmøre dekkjer 17 kommunar, der berre Ålesund har bokmål som målform, likevel er det klår bokmålsdominans i meldingane som kjem frå @Opssunnmøre.

Det er brot på mållova.

LES OGSÅ: NAV bryt mållova igjen

Politiet tilstår
Dette får nestleiar i Målungdommen Kristofer Olai Ravn Stavseng til å reagere.

– Det er ikkje noko gale med bokmål, men det er viktig at nynorskbrukarane får sjå språket sitt i offentleg bruk sidan dei er ein minoritet, seier han til NRK Møre og Romsdal.

Han meiner det er viktig å få synt fram det norske språkmangfaldet og seier det er veldig betenkeleg at sjølvsaste politiet på ein systematisk måte har ein praksis som direkte bryt norsk lov.

Til NRK medgjev stabssjef Ingmar Farstad at Sunnmøre politidistrikt brukar for mykje bokmål når dei kvitrar med innbyggjarane og at det er uheldig at politiet bryt norsk lov. Sjølv kjem han frå nynorskkommunen Haram.

LES OGSÅ: Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk

Inga kvitring frå Sogn
Etter klaga har Sunnmøre politidistrikt lagt seg i selen for å nytte nynorsk på Twitter.

No trappar Målungdommen opp aksjonen og har allereie klaga Sunnmøre, Hordaland og Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt inn til Språkrådet, som ikkje har handsama klagene enno.

Mållovas § 7 seier at dersom statsorgan vender seg under eitt til fleire kommunar i eit avgrensa område, skal fleirtalsmålforma for kommunane nyttast. Det gjer at Sunnmøre, Hordaland og Haugaland og Sunnhordaland politidistrikt skal skrive nynorsk.

Det same gjeld Sogn og Fjordane politidistrikt, som er eitt av to politidistrikt i Noreg som ikkje har Twitter-konto.

LES OGSÅ: «Alvorleg» med ulovleg statskvitring

Gamle språksynder
Sunnmøre har skjerpa seg, men politidistrikta som dekkjer Hordaland og deler av Rogaland skriv i hovudsak bokmål.

Språkrådet har arbeidd aktivt opp mot Hordaland politidistrikt, etter at dei vart klaga inn i fjor.

– Hordaland politidistrikt har nynorsk som tenestemål, det betyr at dei skal nytte nynorsk i all skrift som går ut av huset – det gjeld òg på Twitter, fortel Kjetil Aasen, saksbehandlar hjå Språkrådet.

Politidistriktet la seg i selen rett etter kritikken, men er no attende i gamle språkvanar på @Hordalandpoliti. Språkrådet har ført tilsyn og gjentekne gonger sendt brev til Hordaland politidistrikt.

I juni i år svara Hordaland politidistrikt – på godt nynorsk:

«I høve til bruk av twitter-konto vil vi vurdere om vi framleis kan tilby publikum slik informasjon. Om vi avgjer å føre vidare ein twitter-konto, vil vi leggja til grunn at mållova også gjeld for sosiale medium.»

Aasen forklarar at Språkrådet ikkje kan nytta sanksjonar for å få statlege organ til å følgja mållova, men føra tilsyn og peika på kva dei meiner er riktig.

– Til sjuande og sist er det opp til kvart enkelt politidistrikt å følgje mållova. Det krev at leiinga på kvar enkelt stad og etat følgjer opp. Det er eit leiaransvar, som ikkje må verte pulverisert nedover slik at enkelte eldsjeler får ansvaret, seier Aasen.

Hordaland politidistrikt har registrert kritikken og arbeider med saka.

– Det er ikkje alle som er like komfortable med å kvitra på nynorsk, det tek litt kapasitet å snu om. Det er noko me har fokus på, men er ikkje gitt at alle meiner dei er flinke nok. Me kjem til å fortsetje å forsøke å verte betre på dette, sa Gustav Landro, leiar for operativ sektor i Hordaland politidistrikt til NRK Hordaland i dag.

Det har ikkje lukkast Framtida å få ein kommentar frå Hordaland politidistrikt. 

LES OGSÅ: Politiet bryt lova

Storbykvitter
Leiar i Målungdommen Karl Peder Mork (bildet), meiner at politiets manglande nynorskbruk er eit teikn på dårlege haldningar.

– Det er ein trend at politidistrikta går mot mållova. At sjølvaste politiet kan bryte norsk lov så regelmessig, er veldig spesielt, seier han i ei pressemelding, og legg til at politiet har det same ansvaret for synleggjering av statleg språkpolitikk som alle andre.

No vonar han at Målungdomen kan vere med å endra praksisen, slik at dei 600.000 nynorskbrukarane i landet i større grad får sjå språket sitt i offentlegheita.

– At dei skriv så mykje bokmål kan henga saman med at politidistriktet kvitrar frå kontora sine i bokmålsbyar som Stavanger, Haugesund og Ålesund, men det er sjølvsagt ikkje god nok grunn til å nedprioritere språket i dei andre kommunane, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55
ANNONSE