– Born må lage mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det mange barn som lærer seg til å ete einsidig.

– Difor er det flott om barnehagar og skular kan utfordre dei i smaksvegen. Når barna er heime, kan det å protestere mot mat vere ein måte å bruke makt på, seier Ryslett.

– Viss vi tenkjer på «det offentlege måltidet» som ein arena for mat, så kan godt barn og unge lære seg å like variert mat der. Det å ha matlagingsaktivitetar som ein ressurs i barnehagar og skular er noko eg brenn for. Dette å ha tid til å ete, snakka saman kring matbordet og få lov til å skildre maten, er viktig. Her står Hornindal barnehage som eit godt eksempel som har gjeve ut kokeboka «Klare sjølv», for kokkar små med kopp og skei, fortel høgskulelektoren.

LES OGSÅ: – Manglande skulemat er ei krise

Fiskesmakar
I sitt arbeid ved Høgskulen i Volda er Kari Ryslett formidlar av matkultur til nye barnehage- og skulelærarar. Nyare kosthaldsundersøkingar viser at dei fleste barn et sunt, men får i seg for mykje salt, for lite grovt mjøl og et for lite fisk. Den største saltkjelda i kosten til småbarn er halvfabrikata og kjøpebrød. Det vert brukt mykje posesupper i barnehage og SFO. Dei nyutdanna barnehagelærarane frå Høgskulen i Volda lærer seg å lage supper frå grunnen av og å bake brød no. Generelt sett fortener mange barnehagar skryt fordi dei har endra seg mykje i forhold til sukkerinntak ved at dei no feirar bursdag på nye og sunnare måtar.

– Mitt råd til barnehagelærarar er: Lag supper og brød sjølv, så reduserer de saltbruken til borna. Elles er det lurt å ete fisk like ofte som kjøt som pålegg på brødskivene også. Eg trur folk har gode haldningar til mat, og foreldre ynskjer sunne barnehagar.

LES OGSÅ: Nordisk kosthald er bra for helsa

Smakslære
I ressursheftet som Norsk Smaksskule har gjeve ut, finst det ei liste over smakar som alle bør lære. Dette femner om bær, grønsaker, brunost, reinsdyr, eple, diverse sukker, ekte sjokolade, vanilje, ulike fiskesortar, vatn og vatn frå flaske.

– Vi fekk mellom anna smake på ulike gulrøter som var norskproduserte, men som hadde vorte dyrka i ulikt jordsmonn og hatt ulike dyrkingstilhøve i «oppveksten». Arne Brimi var flink å lære frå seg, så dette å få delta på Norsk Smaksskule har vore som ein draum. Eg sit att med ny lærdom om at born og unge skal få smake og skildre mat, og gjerne spytte ut at mat som ikkje fell i smak, men dei skal smake. Det må verte gøy å smake og lukte på maten.

– Det nye på fiskefronten er at ein ikkje skal trekkje fisken, men heller omnsbake fisken på 70 grader, for då koagulerer ikkje proteinet, men vert mjukt og med mykje smak.

LES OGSÅ: Vil få fleire til å smaka på maten

Supersmak
I dag er det ikkje nødvendigvis slik at alle nyttevekstar i hagar og i skogen vert plukka og nytta i maten vår. På Høgskulen i Volda har dei i mange år hatt god søking til studiet dei tilbyr i mat, kultur og konservering. Inneverande studieår har ein i Volda rekorddeltaking og venteliste i år også.

– Omgrepet smak har no vorte superpopulært. Det går på dette med matglede, smaksopplevingar og det å nyte maten. Så til alle som har born og unge i heimane: Slepp dei til på kjøkkenet.

Sjølv lagar ho gjerne kortreist mat med lokale bær og grønsaker som helgamat. Då Møre-Nytt vitja henne nyleg, stod grilla kjekjøt frå Kandal på menyen saman med nypoteter, grønsaker, sopp og saus og med ripsbær frå eigen hage.

LES OGSÅ: Desse smakane må alle kunna