Skrinlegg Vestlands-universitet

Etter eit rektormøte denne veka, er det klart at utdanningsinstitusjonane på Vestlandet går inn for konsortium – ikkje fusjon.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skrinlegg eitt universitet

Som del av SAKS-reforma (Samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing) til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), har norske utdanningsinstitusjonar fått i oppgåve å finna ut korleis dei kan samarbeida betre.

Universiteta og høgskulane på Vestlandet har diskutert ulike samarbeidsformer, både fusjon og ein felles føretaksmodell. Politikarane har tidlegare gjeve tommelen ned for føretaksmodellen etter mønster frå helseføretaka.

LES OGSÅ: – Skund dykk, Volda, skund dykk!

Lausare samarbeidsmodell
Etter eit møte mellom Vestlands-rektorane i Sogndal tysdag, er det klart at dei vil at utdanningsinstitusjonane held fram som sjølvstendige einingar, men med tettare samarbeid seg imellom, skriv På Høyden.

Difor går dei no inn for det dei kallar konsortium-modellen.

– Me snakka om eit meir formalisert samarbeid. Det kokar ned til tettare integrering av lærar-, helse og omsorg-, ingeniør og økonomiske-administrative utdanningar, seier rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen til avisa. Dette er utdanningar som hovudsakleg ligg til høgskulane.

Rektor ved Høgskolen Stord/Haugesund er glad for at UH-nett vest går inn for denne modellen.

– Til saman utgjer me ei kunnskapsklynge som til saman kan gje forskingsbaserte utdanningar av god kvalitet, seier ho til Framtida.no. Ved å ta vare på institusjonane langs Vestlandskysten, får ein samstundes ta vare på dei spesialiserte regionale tilbod som er viktig for næringslivet.

Konkret handlar det om å byggja felles grader, satsa vidare på storseksjonar, byggja fagklynger, gå saman om forskarskular, sikra mobilitet for studentar og styrka samarbeid rundt digitale løysingar. Administrativt samarbeid og stordriftsfordeler skal òg bli nærare konkretisert.

LES OGSÅ: Slik kan Vestlandsuniversitetet bli

Kanskje ikkje nok?
Ansvarlege ved dei ulike institusjonane skal jobba saman for å sikra best mogleg ressursutnytting og studiekvalitet. I tillegg vil eit såkalla konsortium av rektorane ved institusjonane fungera som ei øvste styringsgruppe.

Detaljar kring samarbeidet vil ikkje verta drøfta før utdanningsinstitusjonane har lagt fram ideen for kunnskapsministeren på eit møte i Stavanger 25. september. Då vil dei få svar på om Røe Isaksen, som har gjort det klart at han ønskjer færre institusjonar, synest planen er god nok.